fredag 26. juli 2013

Kva har ho føre seg no!?...

...ein kan godt både lure og spørre innimellom, men for eit par daga sidan var det ikkje så gale ;)
Eg har for tida gått over til be planting i krukker og ville gjerne ha nåkken nye, men har ikkje funne dei som eg ser for meg verken med leverandørar eller i andre butikkar.
Har lenge tenkt på berre å lage meg nåkken så då blei det med det...henta meg nåkken plastbøtter på butikken - både med oss på Gavehuset eller andre blomsterbutikkar kan du hente deg slike bøtter om du vil.
Vakre roser frå David Austin må få seg ny krukke...
Enkelt og greitt...ei bøtte i ønska størrelse, ein drill for å lage nåkken hull, lecakuler, legg ein planteduk over lecakulene og opp langs kanten på bøtta, ha oppi ei god blomsterjord og vatne plantane godt!...
Etter planten er på plass eg syns det er best i den rekkefølgja, men det finne du sjølv ut så klippe eg ønska størrelse med strie...legge den litt lag på lag og litt ujamn, så ein god tjukk tråd å surr rundt, vips så har du ei ny tøff blomsterpotte!.. :)
Syns ikkje dei blei så dum disse asså...
Alle blir litt forskjellig og fint å sette dei i grupper med forskjellige potter...
eg laga også til nåkken som var litt mindre som eg satt ein sitronpelargonia i ei lita potte slik at det er lett å ta den inn til hausten...
Her har eg satt eit par heimelaga potter saman med krukker av gummi, sink og sement...
Ved sidan David Austin rosa med heimelaga potte står ei sementkrukke med spanske margeritter...
Dei gjer seg godt dei forskjellige pottene og fint å lage små miljø rundt husveggen der det stort sett flyter med leiker etc. Har funne ut at det må berre få flyte litt eller blir ein småtufs av å gå å rydde eller terpe på rydding - la oss heller berre nyte sommern...

Roser er berre så vakre ♥♥♥ ei med dei mest fantastiske rosatonane har vi på hytta - skreiv i sist innlegg at det er ein rosa draum og det er det så lenge du ikkje stiftar bekjentskap med alle dei fæle tornene ;)  Såg du den ikkje? Sjekk den ut ved å trykke på linken...

Herlig å få kunne klare å gjer litt sjølv om det kun er småting som kanskje ikkje må gjerast...Men hjelp til bæring av jord og pottene må eg nok ha av min kjære ♥♥♥ men om det falt i smak med deg så kanskje klarer du det heilt aleine...
Ha ein potterik dag ♥

Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Artig Anja,krukker og kar rundtomkring blir det aldri nok av.Må passe på dei ikkje frys i vinter ;)
    Kjekt du klarer å putle litt !Nyt dagen!
    Toveklem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Tovemor!! :)
      Regner med at dei sikkert frys i stykker, men en veit aldri...men då lagar vi berre nye hull i nye å drar planten med duken over i ei ny ;) thihihi...
      -Anja-

      Slett

Namn og bilde av m-kullet

Å hjelpes kor fort tida har gått!!...Skulle sjølvsagt tatt skikkelige bilde av kva enkelt valp før, men det har berre ikkje blitt. Må ha hje...