søndag 28. juli 2013

Lørdagskyling...

Ikkje heilt kvardagsmat men godt ein gang inni mellom. Min kjære mann kan bli litt lei av kylling men det er favoritten til resten av gjengen i huset.

Brun kyllingen i steikepanna, snitt den på langs og legge inn kryddersmør og kvitløks smør, surre den så med skinke...som regel brukar eg serranoskinke men i går blei det fenalår.
Steiker det så i langpanne på 200 grader i ca 30 min.

Amadinepoteter vaskast og skjerast i båtar, godt med olje oliven, raps eller kva ein måtte ønske, salt pepper og deilig frisk timian og basilikum. Settast ilag med kyllingen (eller litt før) omnen og ristast innimellom.

Deilige grønsaker vaskast og kuttast opp og wokka det til det er akkurat passe friskt og litt knasande...Her har eg brukt gulrøter, brokkoli, blomkål, paprika og løk...

Sausen er verkeleg prikken over ièn her :)  Koker opp 3 dl. med matfløte og ca. 2 ts med maisenna, når det er kokt i har eg i ein goood klatt med meierismør, massevis av god steikesky av kyllingen og til slutt smake til med nykverna salt og pepper, om man ønsker tilsette man litt meir smør...
Må tilpasse salt i sausen alt etter kva du har surra kyllingen med så det kan vere greit å tilsette steikeskya først og salte etter behov.


Håpe det frista!...
Klem -Anja-

Matbloggtoppen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...