lørdag 7. september 2013

Er eit val «berre» eit val!?...

Eit val er ikkje «berre» eit val for deg, men for alle rundt deg og ja heile nasjonen…
Dei siste dagers debattar og overskrifter har liksom fått meg til å tenke litt meir, kanskje litt meir på Norge som nasjon og korleis er vi i dag og kva vil eit val eventuelt gjere med oss!!
Har eg no kanskje tenkt i nye retningar enn tidligare eller lagt meir vekt på heilheita? Kanskje har mine eigne erfaringar på godt og vondt dei siste åra vist meg at ein bør sjå på valet som eit samfunnsval og ikkje akkurat det beste for akkurat meg no, men mest på korleis vi vil at det Norske samfunnet skal vere no og i framtida…
Eg står igjen med nokre spørsmål, men trur ikkje eg får svar på alt, ja alt er det ikkje lett å skjønne og ingen kan gi meg «alt».

Den norske skulen er faktisk noko eg har opna augene for!?  Eg har liksom ikkje heilt satt meg inn i den debatten om kor viktig det kan vere med skulemat, eg sjølv som mange andre sende med skulemat, vatn i flaska og den frukta barnet ønskja………men, så begynne eg å tenkje er det alle barn som kan gå frå ein trygg heim med mat/skikkelig mat i skulesekken!?? Svaret måtte bli nei, når man hører og ser alle barn som ikkje har det så bra med foreldre som dett utanfor, er det lett å skjønne at dei kanskje ikkje får den mat og næring det treng for å klare å halde fokus, få konsentrasjon og ha nok energi til å halde seg oppe gjennom skuledagen.
I tillegg når eg kan høre og lese om ein av verdas beste fotballspelarar overlever på skulematen, det gjer inntrykk og då er det kanskje noko vi absolutt treng!!..

Henta frå Dagbladet:
Hvem er så denne Zlatan Ibrahimovic´? Han er født i Sverige og vokste opp i innvandrergettoen Rosengård i Malmö.
Moren Jurka - født i Kroatia - og faren Sefik - født i Bosnia - giftet seg for at sistnevnte skulle få oppholdstillatelse. Det ble et turbulent ekteskap, og de flyttet hele tida. Tonen familien imellom var skarp. Det var ikke «kan du være så snill å sende meg melka», det var «hent melka, din idiot». Det var makaroni og ketsjup til middag, og moren slo ham med tresleiver. Zlatan forteller om en gang han ramlet ned fra et tak, fikk en blåveis og løp gråtende hjem. Han ventet sympati og et klapp på hodet, men fikk en ørefik: «Hva i helvete hadde du på taket å gjøre?»
Da Zlatan var to år skilte foreldrene seg, og han ble boende hos mor med sin to år eldre søster Salena og tre halvsøsken. En av halvsøstrene begynte med dop, det var tårer, krangler, kjeft, og sosialkontoret ble involvert. Zlatan var ti år gammel da faren overtok omsorgen. Han hadde en sofa, en tv, en bokhylle og to senger. Det var ølbokser overalt, søppel på gulvet, kjøleskapet var alltid tomt. Når far kom hjem fra vaktmesterjobben, drakk han øl, snakket i telefon eller så på tv. «Vi var ensomme i hvert vårt hjørne», forteller Zlatan.

Vi treng så absolutt fleire og betre lærerar det har vel fleire av partia sagt seg einig om, men kva hjelp vel det om lærarane er best om barna ikkje kan ta imot lærdom!!...
Men, kjære den som eventuelt skal vinne eit val – ikkje sett barna i bås så tidlig med karakterar, la ikkje dei svake møte stor motstand så tidlig, det blir ein lang og tøff skulegang om dei allereie i barneskulen skal føle seg dårlegast i klassa…
I eit skulefellesskap som i dag får dei svakaste elevane betre oppfølging, ikkje la det vere avgjereande at mitt eller ditt barn får betre oppfølging avhengig av resursar eller ei!!...
Vi vil alltid ha ting å klage på og fleire burde fått meir oppfølging enn det dei har i dag, men det er kanskje ein kamp vi må ta i den offentlege skulen?
Det med viktigheten av nye og gode skulebygg har vi sett goden av her i Langevåg

Det har vore mange enkeltsaker oppe i media ang eldreomsorga og fleire kunna det nok vore, eg trur dette har mykje å gjer med kva kommune du bor i og det er svært uheldig mykje av det som skjer rundt om, la dei få tilbakemeldingar på kva som bør betrast og gjerne ta med det som er godt i same slengen ;) 

Eg har sjølv mine erfaringar på godt og vondt, men her må ein igjen tenkje lenger enn si eiga «lille hule». Vi må tenkje heile landet under eit, er det slik at ein skal reise rundt å «shoppe» eldreplassar når den tid kjem for å kunne komme på dei beste plassane, og dei som igjen har lite resursar må igjen godta å vere på dei «dårlige» pleieheimane???
Eg kan ikkje skjønne det, det kan jo ikkje vere slik vi ønskjer samfunnet skal vere!!...
Eg har sjølv hatt mange erfaringar frå forskjellige sektorar trass min unge alder da! at eg har begynt å tenke på ein annan måte enn tidligare. Som enda yngre og kanskje lovande bedriftsdrivar til ein «uheldig pasient» har eg sett medaljens bakside i helsenorge, i eldreomsorgen, og på andre rettigheter…Eg som mange andre vil ha alt masse betre fordi vi sit med kvar vår historie som ikkje er rett og faktisk svært urettferdig, men eg har tenkt, og med ei privatisering av desse instansane ville kanskje ikkje ha hjelpe meg eller andre på betre måte…
Alle er vi «ein» og vi skal sjåast som ein person, ein pasient, ein pårørande uansett økonomi!! Det er ikkje slik at dei som er så heldig utrusta at ein kan kjøpe seg det meste skal ha dei beste tilboda, medan «vi andre» skal nøye oss med det som er til overs……………Husk at du ein dag kan komme til å bli avhengig av det fellesskap vi har i dag, det er ikkje sagt at du for framtida og dine barn har dei resursane du har i dag!!...


Eg som dei fleste andre har det «godt» her i landet, men det er slik at mykje vil ha meir og vi alle vil ha det best mulig og enda betre enn det. Sjølvsagt vil eg ha skattelette og gremma meg sjølv over skatt eg må betale ekstra spesielt når ein bygg opp ei lita bedrift så er det surt med skatt på eit overskudd, men har lurt på kvifor skal vi som har resursar til det la vere? Vi skal sjølvsagt bidra til eit fellesskap, eit fellesskap ein aldri veit når tid man får litt ekstra bruk for sjølv…Ein del avgifter kan man sjølvsagt setje eit spørsmålstegn på og kvifor skal dei vere så store!??
Vil eg/vi ha skattelette, men kven gangnar det? Meg og deg no, dei rikaste, og kva vil det råke, for ein kan vel ikkje gi og ta frå begge endar??  Kva vil dette gjere med framtidas ungdom og dei neste generasjonane!?...  


Eg er til tider rundt å susar på Norges vegar og har sett at det står ille til nokre plassar, ein plass er det for smalt, ein annan for dårleg vedlikehald etc. og når vi køyrer Ålesund – Bergen skulle ein gjerne hatt ferjefri E39…men når alt kjem til alt, treng vi faktisk å prioritere dei vegane som er viktigast!! skulle gjerne sett at all vegavgift gjekk til vegbygging for då hadde vi kunna snakka pengar, men det er faktisk for innfløkt for meg til å forstå. Eg skulle gjerne sleppe å banna på fergjekaia på Oppedal når eg kjem 10 sekunder for seint til fergja jada har gjort det eit par gangar men det er faktisk betre å vente 20 minutt på ei ferje enn å ha farlege vegstrekningar andre plassar i landet!!...

Tenk, hadde berre valet vore så enkelt som å finne sin fine farge...

Eg tenkjer at det gode landet vi er i dag sjølvsagt ein del å jobbe vidare med ikkje kjem av seg sjølv, ting må byggast langsamt opp og det har «vi» gjort gjennom år….
Det er viktig at vi er eit samla samfunn, at vi ikkje blir delt i båsar med den «fattige/mindre resurssterk» og dei «resurssterke»…Samhaldet som vi nordmenn i stor grad viser er eg redd vil gå litt tapt med eit eventuelt klasseskilje, eg har eit ønskje at vi skal kunne stå saman som etter terroren 22. juli 2011 og som det folket som viser engasjement og bryr oss når forferdelighetene inntreffe.
Stå saman for alle barn skal få lik sjanse for god lærdom, stå saman om at dei eldre skal få ein verdig og fin tid sjølv når dei må flytte til sjuke-/eldreheimar, alle skal ha lik rett til god behandling og fritt sjukehusval, alle skal ha lik behandling uansett kva kontoen viser!!...
I det store og heile veit eg at ingen parti kan tilfredstille meg og kanskje andre 100%, men ser det er viktig å sjå heilheten og sjølvsagt sette dei «viktigste samfunnsspørsmåla» i lyset…
Eg håpa at vi etter valet skal vere eit samfunn med samhald og like rettigheter!!
Eg må også legge ved link til ein artikkel som satt litt spørsmål med meg...

Det var berre eit «magasukk» og vil ønskje alle eit godt val og bruk stemmeretten din!!
-Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...