mandag 23. september 2013

Balsam for skrotten...

...det er ein del som gir meg det, men er faktisk på leiting etter det som kan gi effekt ved kvilestilling og ikkje minst nattestid! Har du forslag så hyyyyl ut!! :)))
Her og lenger ned på sida finn du link til den goe middagen vi hadde i dag - Chop Suey!! :)
Det går så mange tankar gjennom hovudet når eg er ute å går ilag med ein firbeint venn og med gomusikken på øyrene...Som når eg gjekk rundt vatnet i dag formiddag, eg skal vere glad eg klare å gå rundt vatnet i relativt bra tempo, men i fare for å virke utakknemleg er det faktisk ikkje nok for meg. Eg går så fort eg klarer for å komme meg heim til ein varm dusj skolding slik at kroppen blir mjuka litt opp...
Det er eigentleg litt rart ditta med gangen for når eg først er i siget går eg ganske så fort, har veldig vondt i deler av ryggen, eller kan eg dele smertene i to og sei at ein av smertene er minimale når eg går i tillegg til dei som går ut i hofta...
Dei irriterandes og skjerande smertene i rygg og hofte har eg enda ikkje funne nåkke god kvilestilling til, råd takast imot om nåkken har det!???
Det som er så godt når ein ikkje er i form er at ein kan gå ut i naturen og la sjela få ro og la alle dei flotte plassane rundt om balsamere skrotten, ja for dei gjer liksom det på eit vis ;)
Det er litt som medisin det å få nyte vakre omgivelsar... 
Fjella riv etter meg og i løpet av hausten håpar eg på ein flott fottur einkvann plass!!...Tenk gjennom neste gang du går i fjellet kor heldig du er ♥ eg skulle verna enda meir om alle turane mine då eg klarte å gå på så mange toppar...Men skal få det til igjen, så nøyer eg meg med små fotturar litt her og der...

Eg har heile tida sagt at det går fint og det er maaange som har det verre enn meg!...Det er heller inga trøst lenger!!...Eg har innsett at det ikkje lenger er lett å skjule skavankane, så dermed berre letta eg på sløret - kan jo sjå oppegåande ut eg og svært få ser at eg har store smerter, men sik er det...det er jo ein grunn til at eg må selgje butikken!! :((  Forresten så ha vi hatt litt interesse, men ingen avklaring enda, så derfor drive vi enda, er du eller nåkken andre interessert i butikken så ta kontakt!! Vi kan selgje sjølve bygget/lokalet utan varelager om det er av interesse også!! :)
Men hellaren her dette eg ut!!......Det her skulle vere eit lite middagstips for i dag har eg og barna Tommen er i Trondheim på jobb spist oss mette på Chop Suey :))) mmm oppskrift på linken der...

Slikt kan skje når eg ligg her på soffan og veit ikkje heilt kor eg skal fokusere!!?...Hårføner funka i halvannan minutt, så må eg begynne  tenke nytt *

Det tek ikkje akkurat så lange stunda med den maten, men bevegelsane og stilinga ved kjøkkenbenken er eg ikkje heilt klar for å dele med dåkke enda ;)

Eg er takknemleg for min lille flott familie, våre firbeinte og ikkje minst nåkken foreldre som stiller opp når vi treng litt ekstra hjelp ♥ ♥ ♥ Det er tross alt det viktigste...men skulla likt å vore ei litt meir oppegåande mama, men kanskje det blir ein dag, kven veit...
Ha ein sprek kveld...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namn og bilde av m-kullet

Å hjelpes kor fort tida har gått!!...Skulle sjølvsagt tatt skikkelige bilde av kva enkelt valp før, men det har berre ikkje blitt. Må ha hje...