lørdag 1. august 2015

Idyll

...Idyll er det eg kan beskrive Herdalssetra med eit ord...
Eg har ikkje vore der sidan eg sjølv var barn så det var jaggu på tide!! 

Så laurdag for ei veke sidan tok vi turen innover. Dagen starta som så ofte tidlig og med store smerter, når smertene blir litt ekstra kjem kvalmen rullande over meg. Det var pusteøvingar for å unngå toalettbesøk og prøve å få i meg noko mat som tek ned kvalmen, å spy var ikkje alternativ for då var eg redd dagen ikkje blei som planlagt. 

Det gjekk seg til og vi kom oss inn til Sunde og der fekk eg spørsmål frå mi kjære søster om eg var i betre form for eg såg så fresh ut ;) Ho fikk då kjennskap til knepa mine - kle meg i farga og gjerne litt sminke etc så virka ein betre enn ein er!! :) 
Litt problem undervegs, men det her var det verdt både for meg og ikkje minst barna som storkosa seg!!...

Berre å kome inn til Nordal så får ein følelse av å vere i eit eventyr med ei herlig stemning...raude små hytter med rosa roser i solveggen 

Å kjøre opp den koselige dalen og til slutt kome opp til vakre Herdalssetra er eit eventyr i seg sjølv! Går ut av bilen og du kjenne ein mild bris med herlig grøn duft med hint av geitelukt, ispedd svak dunst frå kyrne...så går vi litt til og får eit drag av saud og hest!!!...med kjære rundt seg i slike omgivelsar så kan ein nesten ikkje ha det betre...Eller!?

Josefine Josefine du var oss ei fin ei du...
Taaaa fint...
Søskenbarna samla i eit bilde ;) 
To veldig små og skjønne killingar... 
Ser ut som litt utstillingstrening dette ;)
Ho "josefine" som Katja kalte geita var så eksrem næærgåande og Alva vart litt redd...slik at ho skulle få sitte litt i ro (ca. 3-4 minutter) tok vi geita i band, og ho såg ut til å trivst med det ;)
Etter vi var ferdig og tok ferga tilbake til Linge kjørte vi inn til Valldal for å kjøpe jordbær...det blei også ein fin tur opp til Gudbrandsjuvet der vi kosa oss litt til ;)
Kosa oss med softis...
Skattane mine ♥♥♥
Ein fantastisk dag som blei avslutta på verandaen på Sunde med italiensk pizza ala Irja - tusen takk alle for ein herlig dag ♥♥♥
Godt å kunne ta seg tid til slike daga innimellom oppussing etc.
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...