I morra reise Adrian (samboeren til lillesøstra mi) på sjøen igjen og tenkte å ha middag til gjengen, så sendte dei melding og til mamma og pappa om at vi var på butikken å handla inn til middag. Med hjelp frå Katja og Ingeborg på kjøkkenet blei det bra, ja meeeeget bra mat :) Dei to jentene stod for desserten som var heimelaga sjokoladefondant (6+) varm med is, Valldal jordbær og blåbær :))
Laga saus som berre stod å putra på panna av:
8 dl vatn
2 stk kylling fond
1 dl soyasaus
4 ss rich hoisin saus
1 1/2 - 2 ss chilipaste
2 - 3 fedd kvitløk
Raspa over eit passelig stykke med ingefærrot (smak deg til slik du ønska).
Litt maizenna til jevning.
Marinerte indrefile av svin og kylling i litt olje, soyasaus, hoisinsaus...
Woka kjøttet kvar for seg først med litt pepper, og over i gryta på svak varme. Helte litt av sausen over kjøttet.
Gulrøtter, løk, brocoli, sukkererter woka kvar for seg og over i gryta.
Ved alt saman og server med ris og eggenudler!!...
Min Sechuansaus, svinekjøtt til marinering, grønnsaker og til slutt ferdig wok...
Mmmmm...
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar