søndag 20. september 2015

Åååå for ein draum!!

Klokka er 07.07 og eg har fått lufta og mata dei firbeinte...har eg nemd tidligare at alle som ikkje er i jobb som snur døgnet burde fått seg ein hund som må ut å tisse!? Nei?, då sei eg det no...eg har barna som eg vil og må vere oppe for om dagen også sove (om eg ikkje søve så ligge eg veffal i senga) om natta...mi meining er at det er viktig å kome seg i ei fast rytme uansett sjukdomsbilde for å få ein så normal kvardag som mulig, lettere vil det også bli å sjå mot jobb eller anna "dagsfyll".
Me and my love ♥

Men, var ikkje døgnrytme eg tenkte på i dag tidlig, men for ein fantastisk draum eg hadde!!... Eg drøymde at eg var SMERTEFRI!! Å hjelpes kor fantastisk og i eit øyeblikk i løpet av natta trur eg kanskje at eg var det, ja at draumen var så overveldande at eg eit augeblikk var der :))) Det var vel ein rar draum tenker kanskje dei fleste...men for meg var det fantastisk!! Eg har ikkje vore smertefri sidan januar 2011 og det er vel ikkje rart eg kjenne på det savnet?? Å leve eit "normal" liv med smerter store smerter 24/7 gjer faktisk noko med ein. Om eg brukar  smertelindring er der fortsatt ein del smerter og samtidig forsvinne eg sjølv på ein måte.........eg er ikkje meg, den Anja som Tom sa til meg etter vi hadde vore å tatt familiebilder for to veker sidan. Då hadde eg visst fått igjen det "uttrykket", ja ikkje veit eg heilt kva han meinta men noko må det vere etter så mange år ilag - eg tenkte då at det måtte vere for at eg hadde det kjæraste rundt meg og vi fikk det foreviga, men kanskje er det noko med at eg dei siste 4 1/2 åra har vore fullstendig tappa for "meg" - eg har gidd det eg har kunna av meg sjølv til alle og kun søtte igjen med smerter...men, det har blitt litt endringar i livet og no i sommar har smertene fortsatt, men eg ser no at livet kan bli så mykje betre berre alt rundt meg "fell på plass"...Slik ein kunde som var innom "eg trur du få eit heilt nytt liv når du flytta Anja!" og eg trur ho har veldig rett...


Her er bilda av oss tatt for 2 veker sidan...alle er tatt av Paul Brown - Brown Foto.
Firkløver av både to- og firebeinte ♥
 
Skattane mine ♥♥♥
Uansett krevande daga så tek eg mest med meg det positive slik at ein kan ha ein lettare kvardag, så må ein huske å smile og prøve å ha godt humør for det hjelpe faktisk på ei dårlig form!! Er ein negativ og sur, klaga og syte litt må sjølvsagt vere lov! så trur eg faktisk ein blir dårligare enn ein i utgangspunktet er...

Draumar er fint og ha...men, det er liksom alltid nåkke som ikkje heilt stemme som når du ligge å får smertelindring og plutselig ser du ein bankmann som lege/operatør!!...kva kan det ha seg?? Eit sikkert tegn er veffal at akkurat då var eg ikkje i trygge hende og det kan kanskje samanliknast med det som har skjedd meg!?...

Eg ser fram til og ønska fleire slike draumar velkomen, og om draumar ein gang kan bli til virkeligheit så blir eg verdas lykkeligste menneske!! Ja smertefri om det så er for ein dag eller ei lita "ferieveke"!! Det skal eg fortsette å drøyme om :) 
Meg og tre av fire valper frå sist kull..


Ha ein herlig haustdag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kan eg gi heilt slipp!?...

...på alle guttane i dette kullet!? Neppe...det er dei eg har plukka opp først heile tida og eg er jo så svak for disse mindre hormonelle he...