lørdag 12. september 2015

Tur med ny vri

Ååååå du herlige tid!! Fredag gjekk eg rundt her heime litt "småuggen" i kroppen, med ei sjuke Katja ❤️ Såg ut på det fantastiske vêret og tenkte i dag er rette dagen for å sjå solnedgangen på nært hald :) 
Snakka med mamma på telefonen, så ringte ho opp igjen kort tid etter...ho mettede vere med!! Ikkje berre kunne ho tenke seg ein tur, men eg fekk ikkje gå aleine.

Kjørte ut til Sandvika og begynte å gå med sola varmande mot oss...Sky koste seg i skauen og fikk endelig springe litt fritt, ja til vi kom til gjerdet då måtte ho i line igjen. Vi gjekk utover og lyset endra seg heile tida, vi gjekk fort utover mot målet - målet å sjå sola frese seg ned i havet.
Vi passerte skiltet/plansjenmed Flesje og gjekk gjennom grinda igjen.
Vi fortsatte i høgt tempo for å kome lengst ut før sola forsvann...Vi passerte nysgjerrige villsaud som haldt avstand og Sky var nok like nysgjerrig men kunne nok tenke seg å hilse litt betre på dei.
 Mine to beste turfølge...
Sjølvfi av eit turglad trekløver...

 
 Lite stykke igjen før vi var heilt ute...

På smal bumpete sti gjekk sola ned i havet..."Kor blei sola av!?" - å då kom plutselig eit lite spørsmål kvar er Kalvestad?? Vi gjekk heilt ut til Naturreservatet, men nåkken få svømmetak kunne vi gått i land på Hareid, eller vi kunne fortsatt rundt fjellet, hadde det vore lyst skulla eg prøvd med opp til Eltrane ;)
Eg måttte innsjå at eg har vore på Kalvestad tidligare...Veit ikkje heilt kvar eg var men tenkte i og med at folk sa det var såååå langt ut, tenkte eg at Stikk ut
! kassa var heilt ute...

 Å borte blei ho...
 Å plutselig var vi heilt yst på Sula...så no har vi gjort det også ;)
Berre nåkken svømmetak og vi kunne vore på Hareidlandet... 
Jaja, siste Stikk ut! turen på Sula fann eg ikkje, men det viktigste å vere nær sola då ho forsvann gjor vi...Så var det berre å kome seg heimover, og stien var ikkje lett å klare å følge då nattesynet kobla inn så det var berre å gå ca sti. Passerte igjen der eg trudde kanskje boksa var, men var jo ikkje rå å finne no. Vi flira godt og snakka om alt vi to pompel og pilt finne på, så må eg berre ta det på meg "alle MINE påfunn" - eg gjekk der i eit håp om at Nordlyset snat skulle vise seg..."E skal gi de Nordlys e!" sa mamma og vi holdt på å le oss ihjel. Inne mellom grindene igjen holdt eg på å gå på tryne og tok meg inn fleire ganga der er surra fram, tilbake og sida også ;) 

Då vi nærma oss grinda såg vi to lykter kome imot. Det var to koselige damer som også var på tur for å sjå om Nordlyset kom...

 Å mørkt vart det...Vakkert mot Hessa og Ålesund :)

Det blei ein dobbel så lang tur som planlagt, og postkassa må eg ut igjen i dagslys å finne utan å bli distrahert av solnedgangen ;)
Vi blei begge samde i at det var ein herlig tur med ny vri - å lommelykt er slettes ikkje dumt å ta med...

Det blei ei lang natt med øreverken til Katja som sette nye høgde og då verken gav seg kom kvalmen av medisinen ♥♥♥ 
I dag har min kjære bursdag, men først no skal eg og Tim Are på miniturnering :)
Ha ein fin dag rundt om!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid...