Ja så no fyltes kaffikoppen og litt is i skåla
For dei som venta på oppdateringar ang "ny huset" så kjem det asså, men ting går ikkje så fort...I helga overnatta vi på Sunde for å få jobbe meir effektivt, men det går ikkje alltid slik ein ønska når kjerring var sengeliggande og stort sett kun klarte å lage kveldsmaten på laurdag, men eg stod opp då eg hørte ein fugl feis søndag morgon...lufta og mata bataljonen med hunda og småpusla litt før "huset vakna".
Søndagen hakket litt meir oppegåande og vi fikk gjort litt (grunna ei dør og beisa ein vegg, det er stort det for ei som meg!!), ja Tom litt meir enn meg med klargjering før fagfolk ;)
Mandag morgon satt eg meg i flyet kl. 06.35 med ein varm kaffikopp og klar for ein dag i Oslo. Starta alt for dårlig med for lenge sittetid i flyet, men då er det fint at eg har tabletthjelpera "kravla meg opp på beina" ja og fikk bra med fart i dei, når dei kjem opp i maksfart før jogging så går dei faktisk fortare enn dei som småsprang for å rekke flyet :)) Gubben han lika ikkje å gå på tur med meg og begynne å skjønne det no, skal få på ein brytar...tre stille: av, på og middels...Håpe avbrytern funka når nervesmertene trer inn så kan eg berre skru på av også vips forsvinn dei også! :))
Vel framme på Ullevål var det først nye røntgenbilder så inn til doktormannen...Sjølv trasig og lite kjekk informasjon så var det ting eg ser på som litt "positivt" innimellom all "elendigheta" - akkurat no har eg nok med å fordøye det som "skjedde" også ser eg kva som kjem av det, men ein positiv ting er at eg faktisk kan hoppe i fallskjerm!! Ja han sa det asså...nåkke eg aaaaaldri trudde eg skulle gjer og heller ikkje vil, men ser muligheten med å kunne kome meg på Slogen, Hornindalsrokken eller Jønshornet for då kan eg slippe å gå nedover :)))
Skulle ringe heim når eg var ferdig, jauda då eg kom ut frå sjukehuset ringte eg til Tom og begynte å gå nedover, de kan tru det var mykje informasjon eg hadde å gi for eg kom meg til Majorstuen, innom nåkken butikka på Bogstadvegen før vi la på og eg ringte til mamma, ja ho fikk kortversjonen gjennom slottsparken og bort til Karl Johan...telefonane gjekk greit slapp "å sprkke" for det hadde vore unødig bekymring for dei heime...Zara tok over hovudet og eg fekk kjøpt nåkken ting til barna. Så blei det ei sulling som eg huska lite av før ein super venn kom til byen for å hilse på ♥ You made my day!!...Lunsj, kaffi og masse skravling og sulling rundt i byn, superdeilig å prate om alt og få lette seg på ein grei måte ;) Gjekk forbi butikka, men hadde ikkje lyst på nåkke!! Men, skoa som eg så gjerne skulle hatt fann eg på siste Lille vinkel butikken eg gjekk i ;) tusen takk for tipset Eirin...
Etter vi sa hade skulle eg sulle litt til, fikk telefon frå mi kjære storesøster...
Not in shoppingmood så derfor var eg tidlig på flyplassen kaffi og blad var liksom heilt greit...å skoa var veldig god å gå i resten av dagen ;)
Vakkert å kome flygande inn over Sunnmørsalpane i eit magisk lys som eg ikkje kan gjengi i og med eg ikkje sat inn til vindauget...
I dag litt meir opplyst og klok på skade...men må berre fortsette å utvikle måten å meistre ting på...
Innrømme at eg er liten i dag, men sola skin og det skal eg også ;)
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar