torsdag 31. januar 2019

Rettssikkerheita...!?

...i Norge er ikkje stor!! Vi ropa ut om at vi er så bra på «alt» å rakka ned på korupte leiera etc. Men, før vi skal gå rundt i verda å «arrestere» andre for dårleg styring er det vel snart på tida at vi ser på vårt eige land, folk og metodar som blir nytta her..!?

...i mang ei sak kan eg ikkje heilt fatte korleis Norsk Rettsvesen går fram, å etter i dag då den siste Juryen i Noregs historie skulle kome til ein kjennelse i Eirik Jensen saka så blir ikkje eg men ganske mange "rysta" av det dei gjer. I dag (28.01.2019 var då eg skreiv dette) vise det igjen til at det er mykje «grums» i norsk rettsvesen då fagdommarane har satt kjennelsen til juryen i Eirik Jensen saka til side...!!

Det at fagdommera skal sette ein jurye kjennelse til side var først menit for at folk ikkje skulle bli feilaktig dømt, men her bruka dei det for å kunne døme ein person...
Kva er dette, er det igjen prestisje i den Norske stat?? Eg meine og trur vi fortsatt burde ha jury dømming med tanke på alle «feil» som blir gjort av dei som liksom skal kunne dette feltet.


Tvilen skal kome den tiltalte tilgode men det ser det ikkje ut som har skjedd i denne saka, og sikkert mange andre.
Der er faktisk ikkje bevis som Dr sterke nok til at Eirik Jensen kan dømmast for narkotikasmugling!!

Personleg trur eg der er nokon som vil ha vekk Eirik Jensen og det arbeidet han står for og gjorde. 
Det at han skal sette heile si karriere og sitt gode arbeid på spill pga «småpengar» er heilt uforståeleg. Hadde det vore snakk om nokre nulla bak slik han kunne rømd landet så hadde det vore enklare for vanlege folk å skjønne. 
Eg skal vere einig i at han kanskje ikkje skulle tatt imot «betaling» ang det badet men feil er det mange som har gjort...
I det feltet han jobba så må ein nok bruke litt utradisjonelle metodar og kanskje balansere på linje med lova for å nå til målet. Men, for meg som borgar er det viktig at vi har slike lovens menn som er villig til å risikere ein del for at vi skal vere tryggast mulig. Etter Jensen vart tatt har politiet nesten mista kontrollen i dela av Oslo, kva fortel det oss eigentleg..???
Er det mannen eller metodane han og kanskje andre i Oslo politiet nyttar, og som dei no ikkje lenger tør å bruke..!?

Om det er paragrafryttera, finsnippa rævsleikera som ville sole seg ørlitt i glansen så har sola gått ned og kvitsnippane dåkke er grovskitne..!!!
Dette er berre ei stor skam for Politiet, Spesialenheten og Norsk rettsvesen...
Måtte alle skitne fingra og reine kluta settast inn for å få eit betre utfall for Mr. Jensen - Norge har behov for sånne som deg!!...

Jaja alltid nokre tanka om «alt eller ingenting»...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

One puppy still avalible...

...for the right home ♥ We have a puppy here who is ready to go if the right people are out there looking for him...(?) The puppies ...