tirsdag 8. januar 2019

Valpane har endeleg fått namn..!!

Desse bilda vart tatt for ei veke sidan som de ser...Skal prøve å få tatt nye bilde så snart eg har litt hjelp til det ;)
Men, i og med dei kun er delt på Instagram og Facebook så dele eg dei her også...


I dag er valpane 6 veker å då var det jaggu på tide å få namn på dei..!!
Eg sat å skulle registrere dei før nyttår, men då var eg ikkje fornøgd med namna. Prøvde på att her ein dag men det stemte heller ikkje, men NO er det asså gjort å ingen veg tilbake.

Kven av valpane som heite kva er ikkje bestemt enda, men det kjem ved veterinærkontrollen rundt 7 veker. 
Å etter det igjen blir valpane fordelt til dei forskjellige alt etter kven og kva dei skal brukast til.
Eg må gjere mitt beste slik at den rette heimen får den valpen som kan passe best til dei...

Kvasneset's Quality of a Treasure - NO30634/19 Svart tispe
Kvasneset's Quest after a Treasure - NO30635/19 Gul tispe
Kvasneset's Quality of the Dream - NO30636/19 Svart hannhund
Kvasneset's Quiet Dreamer - NO30637/19 Svart hanne
Kvasneset's Quick Dreamer - NO30638/19 Svart hanne
Kvasneset's Quarter of a Dream - NO30639/19 Svart hanne
Kvasneset's Quite Handsome - NO30640/19 Svart hanne
Kvasneset's Quite Charming - NO30641/19 Svart hanne

 Her er bilde av kvar enkelt valp ved 5 veker...
Fargen på ramma vise kva farge halsbandet til valpen har.

Tida går fort, det er koselig, hektisk, innhaldsrikt, ekstrem vaskejobb og veldig morosamt. Føle eg aldri har vaska så mykje som eg har gjort dei to siste vekene å likevel er liksom ikkje huset skinnande blankt..........å ikkje lukta her så godt heller :/
Men, eg håpe vi gjer jobben vår bra slik at det skal bli gode individ med ei herlig personlegheit som kjem til dåkke 

Ha ein rein kveld...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Utvida Bandtvang i Sula Kommune..!!

Er faktisk ingen problem med fem lause lydhøre hundar når du har grei oversikt...!  Jadda, her har eg nok søve i timen å burde kome med...