torsdag 24. januar 2019

Mulig å motstå..!?

Alt handla om å velge og det å ta gode val!... 
Eg velge stort sett å ta meg minimum ein god tur for dag då dette er med på å gi meg energi, overskot til å kome gjennom kvardagen og ikkje minst ein måte å få ut frustrasjon og tilbake det gode humøret.
Eg tenke at berre ein kjem inn i den gode rytma med ein god tur for dag så vil du etterkvart sjå alt det positive og helsefremmende det gir, og ikkje lenger eit ork.
Eg må innrømme at kvardagen både med og utan tur ikkje hadde vore like lett utan ein hund, to, tre eller fire ved mi side..
No er det ikkje slik at alle må rive seg med av galskapen men vi alle har godt av å ha ein slik herlig skatt i livet 🖤
Tru det eller ei, men ein gang hadde eg støv på hjerne...men, det var før eg fikk eit usikkert antall firbeinte og etter barna var over krabbestadiet.
Trur vi alle har godt av litt hundehår, sand og støv rundt oss. Men, eg skal vere den første til å innrømme at eg kan bli litt stressa når det kjem uventa besøk når det er på det værste her heime.
Ja som då eg hadde vore ute i snø, sludd og regn med fem hunda og i tillegg hadde 8 stykk 7 veker gamle valpa som bæsja og tissa inne. 
Då kjem venninna til søstera minimum (kresen sådan 😇😂) å sei huff her lukta hund!! Då sa eg «neeeeei ikkje f..., her er 5 våte hunda og 8 som drite, då lukta her ikkje masse hund!!» Lukta var faktisk overkommelig, men skulle betrast innan kort tid.


Nei, igjen klare eg å spore av frå det eg eigentleg skulle skrive 😅 

Innimellom velge eg faktisk og utrulig nok å ta meg ein tur aleine med hundene, eller at eg er så heldig at dei heime vil passe dei slik eg kan ta ein annan tur for restitusjon, avslapning og inspirasjon...
Stort sett velge eg å gå tur, andre gangs kan eg i tillegg velge å ta eit kakestykke, men det er trass alt det gjennomsnittlige i kvardagen som tel...
Om nokon vil ha kake, men er sterk nok til å motstå då har eg fortsatt noko som er minst like søtt  som er mulig å «få»...Å i tillegg hjelpe den deg til betre helse og ein sunnere og sterkare kvardag... 🖤

Alle skulle vere så heldig at dei kunne velge seg ein hund 🖤🖤🖤
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...