Etter hektiske dagar var det utrulig kjekt å få besøk av Barbro og gutane igjen ♥ Eg og Barbro snakka hund medan dei tre gutane våre storkosa seg ilag på sitt vis.
Denne gangen spurte eg om dei ikkje kunne ligge over slik vi kunne få tid til mat, tur, snakk og god drikke...som ønska så gjort.
Laurdag etter lunsj hadde vi oss ein fin tur med dei to brune tispene bort i Solavågen på turvegen der...
Dei brune er Barbro si "Silva" Brynje Freedom Jazz Dance som er etter NUCH Kvasneset`s Himmelens Diamant "Chico" - Åsså vår "Ipa" Kvasneset`s Power of Brown Love som er etter Almanza Extend An Enterprise "Porter" som igjen er etter Barbro si "Esther"...
Her er bilde av Ipa og Silva, der Ipa er lengst bak og Silva nærast kamera...
Ipa - Kvasneset`s Bower of Brown Love 10 1/2 mnd...
Her er Silva til venstre og Ipa til høgre i bildet...
Her er Silva, Ipa og Troja...Troja er her på besøk for ei periode. Ho heite Kvasneset`s Lovestory er 2 år og 4 mnd. gamal, og ho er også etter "Chico" så er dermed halvsøster til Silva..!
Barbro med dei tre hundane på toppen av Leirvågfjellet...
Det vart ein del bilde av dei to unge frøkna i vinden...
Her er dei med Sykkylven i bakgrunn langt der inne på andre sidan av fjorden. Ipa øvst og Silva nedom...
Troja...
Ipa på sin første tur opp til Leirvågfjellet...
Silva til venstre med Troja i midten og Ipa til høgre...
Troja trona på toppen...
Å det er klart eg må dele ein del bilde av dei vakre hundane våre...
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar