lørdag 9. februar 2019

Hund & Fritid...

...Ja det går utrulig mykje i hund på fritida våra, men akkurat no tenkte eg på "Norges hotteste hundemagasin" Hund & Fritid!!..
Ikkje berre tenkte eg på det, men etter foring og første luftetur på dei firbeinte i dag tidlig så satt eg meg ned med ein kopp te å las i det velfylte bladet før eg gjekk igang med dagens vask. 
Sjølv om eg ikkje lika bilde av meg sjølv så er det gøy å sjå bildet i bunad på trykk i bladet...!
Heilt ærleg så hadde eg ikkje heilt sett føre meg at dei nytta så store bilde :)
Åsså det bildet til høgre med fire herlige firbeinte framføre Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane i vakkert fargespel...
 Nokre mørke sjokolada må vel vere perfekt når eg ser på bilda av "sjokoladevalpane"..!?
Ja du ser rett for det er Joey foran eit rosa hus i Notting Hill...
Å Notting Hill passa meg perfekt og mulig det kunne passe rett inn på kjøkkenet mitt også, eller skal eg ta kjøkkenet med til Notting Hill!?
Men, det er nok ikkje like "lett" som det var å sette seg i bilen å kjøre og ta med hunden dit...

Det var herlig med ein stille og rolig morgon å eg må vel innrømme at det er lenge mellom slike starta på dagen...veldig kjekt med så mykje fint lesestoff, åsså midt mellom alt så finn de asså meg og hundane :)
Litt rart og gøy, men mest av alt synes eg det er ei flott reklame for Sula og Sunnmøre til alle flotte hundefolk rundt om i landet...!! 

Er det nokon av dåkke som lese blandet!? Eg kan faktisk vamt anbefale det...reklame utan å vere reklame :)
 Står om forskjellig i bladet så kan vere vel verdt å bruke kr. 79,- for å lese det ein, to eller kanskje tre ganga...

Dagen i dag har gått slag i slag sidan eg satt å naut ein kopp te...nei, roleg har den ikkje vore, men no har eg bytta koppen med eit glas med raudt i å slappa av på min måte.
Mulig eg skal prøve på ein like god og rolig start i morgon før eg skal i hallen på kamp...(?)
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...