torsdag 11. september 2014

Klubkveld med varm ostesuppe

Tirsdag var det tid for klubbkveld heime hos meg igjen...
Ein får skvisa inn litt i løpet av ein dag - sjukehustime, lang lunsj med mamma og lillesøster, ein tur i skauen, besøk, matlaging og så klar for klubbvenninner :) puh...sliten men utrulig kjekt med "sosialisering"!
Når hausten er her er det herlig med masse levende lys rund om...mamma hadde fyrt i peisen i dag og det var så lun deilig varme, men utpå dagen kom sola og varma opp, så fyre kunne eg ikkje, heller ikkje tenne alle lysa eg ville, men ein del måtte til ;)
Når hausten også kjem er det kjekt å ta litt av den inn på bordet, sist innlegg eg hadde ein klubbhaust var det rognebæra og no vart det lyng...
 
Enkel og kjapp hauststemning til bordet...tja gjort på 10 minutter og i tillegg får du deg ein tur ur i naturen, bonus x2  ;)
Hampetau pass inn for å få eit rustikk preg og passa godt til dagens bordbrikker...Her er det fint, groft og søtt satt sammen til eit lunt haustbord...
 
Champagnekjøler med Calocephalus og litt lyng hist og pist...
 
Berre litt surring litt lysglasa er koselig og brukte dette mykje på jobb med mellom andre Calluna, Calocephalus, Eucalyptus...veldig fint nede på kubbelys også og då gjerne surra med for eksempel sølvtråd...

Kveldens suppe har eg laga mange ganga til forskjellige anledninga og den fell ofte i smak...

Varm ostesuppe

1 liter vatn
1 kjøttbuljong
2 grønnsaksbuljong
1 pk. kremost krydder
2 pk. kremost naturell
1 pk. kjøttdeig
1 purreløk
1 paprika

Du koka opp 1 liter vatn med buljong, rør inn kremosten...Steike kjøttdeig, paprika og purreløk og tilset det...Varm suppe serverast med rundstykke eller godt brød :)
Etter ein ny sjukehustime onsdag blei det oppvarma suppe til lunsj ilag med mamma...
 
 
Må ha nåkke stæsj til kaffen også og i dag blei det mandelkake "med noko attåt"...

God hauststemningskos...
Klem -Anja-

søndag 7. september 2014

Folksam tur...

...Jepp, massevis av folk på Sulafjellet i dag :)  Det var til topps med Sunnmørsposten på Vardane, og feiring av Vonhyttas 80 års dag og ditte trekke sjølvsagt folk til Sula!!...
Lyset i dag var "skiftande" og nesten for kvar gang eg snudde meg å tok eit nytt bilde var det ny farge på himmelen...

Barna hadde overnatta med tante og onkel så eg venta på dei her heime. Eg og barna, Ferdinand, Eirin, Adrian og Øyvind faren til Adrian og Eirin`s svigers for oppover...vi hadde ei uttulig koselig pause oppe på "kanten" ved hytta til Adrian`s tante og onkel. Her diska dei opp med kaffi, frukt, sjokolade og pølse.
Adrian, Ferdinand og Eirin på veg bort til hytta med fantastisk utsikt!!...
Tim Are og onkel Adrian orientera seg...
Vakker utsikt...her er det Langevåg og huset vårt er der nede ein plass ;)
Ferdinand lika seg på tur med "Mille"...
Skjønningen med Ålesund i bakgrunnen...
Tim Are er fotograf for han hadde så lyst å ta bilde av mamma, eg og Ferdinand ser på at "Sky" går på tur med "Mille"... :)
Tim Are med eit lite blinkskudd på dagens fjelltur av Ferdinand og onkel Adrian..
Tim Are testa musklane...
 
Etter ein fin rast og litt kos for vi vidare opp til Vonhytta og her var det massevis av folk. Vi stod der litt før nåkken ville ned igjen og eg ville vidare til Vardane og ned i Mauseidvågen...sikket litt smårart at eg går opp til Vardane for å få ein finare tur ned igjen eg berre grua med til vegen ned frå Von, for det gjer så vondt og det skjere gjennom skrotten og ja, det var mykje betre å gå opp og så ned i Mauseidvågen ;)¨
Der var unge, gamle, spreke, ja åsså ikkje fult så spreke, halte og glade...ja så var det meg, veit ikkje kva kategori eg går under, men tenke eg stilte godt i "krøplingklassa" :)
Massevis av folk på Vardane i dag...
 Tim Are ved hytta med varden i bakgrunnen...
Her venta vi litt på resten av gjengen...det var hytta vi besøkte skikkelig koselig og med fantastisk utsikt...
Folksamt ved Vonhytta...
Eg på veg oppover alle andre på veg nedover...passa meg veldig bra ;)


Vonhytta med Ålesund i bakgrunnen...
Ikkje mange igjen på toppen...traff mange på veg ned og dei fleste var nok på Langevåg sida, var ikkje så folksamt nedover...
Eg og "Sky" hadde ein fin tur nedover og måtte ta nåkken bilde på "gosida"...asså ikkje for å fornerme nåkken, men fjella her er no berre så fantastiske!! :) Ja, sjølv om dagens vêr ikkje viste dei frå si beste side...
Skjønneste "klinejenta"...no har fargane begynt å vise hausten og eg ønska den varmt velkommen :)
Herlig tur å kunne gå ei stund ilag med barna og dei andre, for så vere trygg for at barna har det bra ilag med dei andre, og gå vidare i eige tempo ilag med "klinejenta mi"...
Klem -Anja-

fredag 5. september 2014

Frå null til seks...

Meg under/bak Storseterfossen...

...terningkast i dag gitt, ja frå null til seks er faktisk mulig for i formiddag var det ikkje mykje tess. Tenke seg til, når dagen starta som værst formmessig også kunne snu og bli så bra!! Som mine næraste veit har eg den siste tida vore svært dårlig, i tillegg til store smerter i rygg og høgrefoten som blei nerveskada under første operasjon voldsomme hovud og nakkesmerter...ja og plaga med kvalme og svimmelhet disse siste tinga kjem nok av at skrotten er litt sliten og lite overskudd etter fleire år med store smerter, og eit ønske om å vere "på" og vere engasjert ;) 
Det har vore som medisin å få gått litt i fjellet og i går var eg og mamma på høgkubben, og det blei lettere med hovud og tanka for ei lita periode...
Gårsdagen og i dag he vore elendig og dermed klarte eg ikkje å utstråle den store gleda som eg ønska og burde då mannen min ber meg om pakke med kjole og badeklede på det som skulle vere ein dagstur til Geiranger...der han i tillegg skulle gi meg tid til å fotografere ;) det kom til eit lite punkt der eg ikkje heilt klarte å få med meg smil og entusiasme...

Var så vidt eg orka ut av senga i sekstida, dusja og måtte legge meg litt igjen, Tom fikk barna ut døra og så meg ;) herremin eg var så dårlig innover at eg viste knapt kor eg var, prøvde å prate litt og halvsov då han var på jobb diverse plassa.
Kan ikkje sei eg var oppegåande då vi var på Fjordsenteret, men det var ikkje heilt ille...men eg måtte ha meir luft!!



Tom kjørte litt motvillig opp til Westerås og tok fatt på den flotte vegen oppover til Storseterfossen laga av skjerpaer...
Kjenne forma blir betre og betre for kvart steg, og så blei eg imponert av "sofagrisen" min som fortsatt har litt kondis :)
Westerås gard...her er eit godt barndomsminne og her skal vi tilbake med våre barn, med turar og spise...

Bildetaking rundt omkring og sjølvsagt bak fossen!! Så ler eg når eg ser for meg Tom springe bortover for å jage sausen vekk frå colaen sin :)))

Fin tur ned og bortom garden...vel tilbake på hotellet ikkje mindre enn "gamle unions" suitea var det berre å vedlikehalde forma med ein dusj og eit varmt bad...så var det berre å ordne seg til middag med min kjære ♥♥♥
Fantastisk, koselig og avslappende kveld med god mat og drikke, så meir avslapping og kos...



Blei litt anna start på helga enn eg planla, men Festøykollen får vente for den går nok ingen plass sjølv om eg ikkje kjem dit i morra ;)
Tusen takk kjære for ei fin overrasking...trur du he sett at eg satt veldig pris på den! Elska deg ♥♥♥
Klem -Anja-

tirsdag 2. september 2014

Prosjekt uterom - på hytta

Uteplassen med pallekarma med roser foran...

Vi har lenge hatt lyst å gjere nåkke meir ut av plassen ute på hytta...Det har vore veldig "enkelt" der og det er eit must når vi bor så langt vekke. Men, det var så herlig å komme tilbake første helga i juni då det første som møtte oss var ei "blomstrande kasse" full med stemor ♥ den og det nye bedet som blei laga i påska var godteri for auget og meir ville eg ha :)
Det blir litt å passe på, men det er jo litt av kosen og sjarmen oppi skauen at vi skal tussle med litt småtteri og ikkje berre farte på utflukter :)

Då vi kom heim i juni og Tom fekk lyst på utegrill ingen utegrill utan skikkelig uteplass måtte det planleggast kvar vi skulle ha den og "enkel tegning" etc. måtte til, under 15 kvadratmeter og sende det inn for godkjenning...

Så etter ei tid og litt andre prosjekt på hytta som mellom anna litt fornying av toalettrom - Crazy!! og eit mindre feminint prosjekt - bedre hundegårdsunderlag kom vi oss i gang...
 Leigde mingraver...dei to dagane måtte eg halde senga, greit når eg først måtte til sengs at det var akkurat dei to dagaen...Ut på andre dagen kom sola tilbake og eg tussla meg ut iført shorts, singlet og rosa ullragga ;)
Eg har vore "tørrmurar" igjen...men ikkje heilt ferdig då vi må leite opp litt meir stein...men, greit å ha litt å gjer til neste sommar også :)

 På ve heim frå Sverige handla vi litt på grensa, og mellom anna disse biffane her som Tom grilla...heilt fantastisk, verdt å ta turen til grensa berre for å kjøpe slike...
Veldig godt nøgde!!...Dei Happy Light som henge i trollhasselen skal ikkje vere der, kjøpte dei på Blaafarveverket for "julelysa" ville ikkje funke så det må det nye av...Så får dinne HL klasen komme inn på hytta ;) Men det var koselig når mørket kom...

Til neste år må vi berre lage ein halvvegg inn til peisen og vil gjerne finne nåkke gammal teglstein eller anna mur...eit gammalt vindu etc. Så blir det ein liten trevegg på andre sida og eg er i bokas :)

Så mangla eg eit gammalt kjerrehjul som eg ser for meg blir eldig så fint på bakveggen...

Ha ein fargerik dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Namna er klare

Namna til D-kullet som vart født 3. oktober , er no klare og er sendt til førehands-registrering i NKK - Norsk Kennel Klub. Eg må sei at den...