onsdag 7. oktober 2015

Bjørneparken :)

Velkommen å bli med meg på mi vandring inn i Bjørneparken!!...

Så kjekke haustferiedagar vi har hatt og tirsdag var ein eventyrlig dag :)) 
Såg du forresten bilde frå Osloturen vår!?? 

Tirsdag var vi klare for ein tur til Vassfaret Bjørnepark i Flå!! :)
Herlig haustvêr, lite folk i parken og bjørnar som viste seg fram, gaupe og elg slettes ikkje så dumt det heller...så det vil sei ein heilt optimal dag for oss...

 Må sei eg forelska meg heilt i denne lille sjarmøren!!...Han "Brutus" gjekk rundt å var meir som ein klovn og eg var mest redd for at han brukte for mykje energi istaden for å lagre til den lange vinterdvalen. Eg kunne nok samanlikne han som ein klumsete valp :)
På slutten av dagen vart det leik i klatreparken, kjekt for både store og "små" :)) Eg måtte ta ei lita pause å få med meg matinga av "Nora" og "Brutus", og eg var den einaste som møtte då resten av folka nok hadde gått for dagen. Derfor fikk vi ei ekstra runde med besøk inn i hiet!!...Eg ringe etter Tom og barna og dei kom springande :) Det var ei stor oppleving. I det vi kom innom porten så låg ein av dei store bamsane akkurat i opninga inn til gjerdet så det blei nært. Men, enda nærare inne i hiet då "Nora" og "Brutus" tok turen inn for å underhalde oss litt ekstra ;) 20 cm frå ein diger brunbjørn var spesielt og eg klødde i fingrane etter å strekke dei litt ut :))
 Her er vi så heldig at vi fikk eigen guida tur inn i hiet til "Nora" og "Brutus" :) Fantastisk å vere 20 cm frå disse flotte dyra!!..
Her blir skandinavias største brunbjørn "Rugg" handmata, vi fekk "kosestund" aleine med han også då alle andre hadde forlatt parken...
Tim Are siste turen i zip-line og på veg ut slappa han av på ein av bamsane...

Vi storkoste oss i rolige omgivelsar med sjarmerande dyr...  Har sagt det før, men ein god ting kan aldri seiast for mykje - har dåkke mulighet anbefala eg virkelig ein tur innom denne parken!!...
Bamseklem -Anja-

Oslobygda for våre føtter

Oslobygda for våre føtter - Jadda det var visst største ønske til jentene for turen!! Så derfor var det greit "å bli ferdig" med den turen og tok det mandag. Så det blei Vi kjørte om Drammen denne gang slik vi fikk tatt turen innom Blomster-Svein til mors store glede :))

Stopp på Ikea for tegning av kjøkken...... Det var tålmodighetsprøve for både denne kjerringa her og jentene så vi berre droppa det etter at eg satt meg inni korleis det funka. Tim Are var så heldig å få vere i leikerommet...
Men blei litt handling der også så Tom måtte hoppe baki for å stue...godt teppa kan rettast ut når vi kjem heim ;)
 Veldig greit at eg har ein mann som kan få alt vi handla i bilen på ein grei måte :) Alle plantane øvst sjølvsagt...

Så klar for Oslo og då var det nåkken butikka som måtte besøkast og Tom som var såååå tålmodig måtte sjølvsagt få besøke Friday`s!! 
Etter nåkken butikkbesøk til måtte vi ha kaffi på Starbuck`s :)
Sååå kjekt er det å vete utanfor butikkane ;)
 Jentene storkoste seg i bya...Tim Are sprang bort og hadde litt, berre litt lyst å skuuubbe dei uti :))
 Dei er nå ganske så kjekke dissa to barna våre...
 Å sååååå kjedelig er det på shopping for verdens herligste gut :)
Så då var det jaggu på sin plass med litt "belønning" etter bygatene var ferdig gådd...

Kjekke dag der vi fikk gjort masse på kort tid og sånt kan vi like...
Effektiv klem -Anja-

tirsdag 6. oktober 2015

Tur innom Blomster-Svein

Har ei stund fulgt han på Facebook det eg tilfeldig kom over sida hans, eg har nok hatt lyst å ta turen innom sidan det. For ei vekse tid sidan hadde han julerosefestival der det kom folk frå fjærn og nær!!
Men heldigvis var det massevis av planta i går også ;) ikkje minst ein superhyggelig Blomster-Svein som villig delte av sin kunnskap!🌸 
Det blei med ein del planta i bilen :))) Er veeeeldig spent på å sjå kva som skjule seg i hybridane eg kjøpte. 

Anbefala folk å stikke innom på Grette Gartneri/Gård/Stutteri... Ja for barna falt pladask (ho mor også) for dei flotte hestane!!
Mest på grunn av massevis av førsteklasses planta som har blitt fostra og tatt godt vare på av "grønne hender"...

Enkelt å finne ved å kjøre av motorveien i Lier med retning Lierbyen/Hønefoss.

Gleder meg til våren/påska for då må vi innom igjen!!
Ha ein blomstrande dag ❤️
Klem -Anja-

mandag 5. oktober 2015

Endelig i Laupet igjen ❤️

Vi kom på hytta i går...vi Lurte på kva som kunne møte oss når vi kom fram, så kjem vi ned etter eit år utan tilsyn der alt av plen var klipt, og det ser ut som det kun var ei til to veker sidan sist vi var her!! Det er så utrulig snilt av naboen at eg har ikkje ord ❤️ Blir så rørt av at folk kan gjere slik...
 I soffan i går kveld ❤️ 

"Utan tilsyn i eit år!?" Rett skal vere rett for Tom var her på guttetur i februar og eg var innom ei natt i mai... 
På grunn av at eg opererte ryggen igjen fekk vi ikkje vore her i vinter og påska, og med valpekull og oppussing av nytt hus blei sommarferien heime.
Litt spent også med tanke på flommen som var her i September...vi merka nedbøren med ein "litt" meir fuktig kjeller enn normal.

Eg får ei herlig ro som er heilt ubeskrivelig med ein gang eg kjem hit ❤️ Ufattelig godt å stå opp i dag tidlig og berre rusle ein tur med hundane, så inn til frukost og lenger tur før vi tobeinte for på shopping...


Forsvarskjempen Katja i aksjon...

Denne veka er det snakk om å planlegge godt...Katja og Ingeborg var på cup i helga, vi fekk reist tidlig etter siste kampen i går (søndag). Kveldsmat på Galaxy og godt å endelig sjå hytta igjen og for barna å sjå grisa e dei alt hadde gidd namn - Rolf, Maya, Marie, Mia........ Litt småsyssel før vi må kjøre heim torsdag då Tom skal på sjukehuset for medisinering fredag. 

Blei tur til Blomster-Svein i Lier i dag!!! Eige innlegg kjem...
Innom på IKEA der blei det shoppa akkurat passe til å få i bilen, neste stopp p-hus galleriet, ja då sei det seg vel sjølv kor vi havna Lush på Byporten så Karl Johans gt. det vi var innom ein del butikka før pitstop på Friday's. 

Kjekke dag med kjekke folk ❤️
Klem -Anja-

29. oktober - for meg ein merkedag

Det blir litt mimring innimellom, og eg kan sjå tilbake på  så  mykje fint i «hundegalskapen» – eit liv fylt med mykje godt innhald, gleder ...