onsdag 7. oktober 2015

Bjørneparken :)

Velkommen å bli med meg på mi vandring inn i Bjørneparken!!...

Så kjekke haustferiedagar vi har hatt og tirsdag var ein eventyrlig dag :)) 
Såg du forresten bilde frå Osloturen vår!?? 

Tirsdag var vi klare for ein tur til Vassfaret Bjørnepark i Flå!! :)
Herlig haustvêr, lite folk i parken og bjørnar som viste seg fram, gaupe og elg slettes ikkje så dumt det heller...så det vil sei ein heilt optimal dag for oss...

 Må sei eg forelska meg heilt i denne lille sjarmøren!!...Han "Brutus" gjekk rundt å var meir som ein klovn og eg var mest redd for at han brukte for mykje energi istaden for å lagre til den lange vinterdvalen. Eg kunne nok samanlikne han som ein klumsete valp :)
På slutten av dagen vart det leik i klatreparken, kjekt for både store og "små" :)) Eg måtte ta ei lita pause å få med meg matinga av "Nora" og "Brutus", og eg var den einaste som møtte då resten av folka nok hadde gått for dagen. Derfor fikk vi ei ekstra runde med besøk inn i hiet!!...Eg ringe etter Tom og barna og dei kom springande :) Det var ei stor oppleving. I det vi kom innom porten så låg ein av dei store bamsane akkurat i opninga inn til gjerdet så det blei nært. Men, enda nærare inne i hiet då "Nora" og "Brutus" tok turen inn for å underhalde oss litt ekstra ;) 20 cm frå ein diger brunbjørn var spesielt og eg klødde i fingrane etter å strekke dei litt ut :))
 Her er vi så heldig at vi fikk eigen guida tur inn i hiet til "Nora" og "Brutus" :) Fantastisk å vere 20 cm frå disse flotte dyra!!..
Her blir skandinavias største brunbjørn "Rugg" handmata, vi fekk "kosestund" aleine med han også då alle andre hadde forlatt parken...
Tim Are siste turen i zip-line og på veg ut slappa han av på ein av bamsane...

Vi storkoste oss i rolige omgivelsar med sjarmerande dyr...  Har sagt det før, men ein god ting kan aldri seiast for mykje - har dåkke mulighet anbefala eg virkelig ein tur innom denne parken!!...
Bamseklem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin... Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med f...