lørdag 3. oktober 2015

Målet for 2015 nådd!!...

Eg har som sikkert mange andre forskjellige mål gjennom året, men i år hadde eg eit hovedmål og det var å trene meg opp i god nok form til å kunne klare å sjå Hjørundfjorden frå oven igjen...det har eg klart!! :)))
Torsdag 24.09.2015 klarte eg å "klatre" over 1000 høgdemeter til toppen av fantastiske Skårasalen!!
Det klarte eg 7 månader (minus 1 dag) etter min tredje store ryggoperasjon!!...

Stort sett klare eg å bite i meg mykje smerter men må sei at den viljen og staheita mi var nok ekstra godt å ha torsdag for vel ei veke sidan!!...Det var så vondt at dei siste par hundre høgdemetrane ana eg ikkje korleis eg klarte å gå, sjølv med målet rett foran visste eg ikkje om eg makta meir, men med små steg, strekke ryggen hit og dit, og riste laus "den" foten så stod eg plutselig på toppen!! Å herlighet for ein følelse...å kunne sjå alle dei tindane og toppane så langt som nesten inn i eveigheten det er både meistring og medisin, adrenalinet straumar gjennom meg så eg nesten føltes smertefri!!...Bilde etter bilde vart tatt og dei kan ikkje beskrive følelse eller kor ekstremt bra det var der oppe, men litt ser ein nå ;) 
 Eg har trena for å kome meg i form igjen og det har vore tøffe tider med sterke smerter, stor vilje og pågangsmot, tårer, glede, latter, staheit og ikkje minst håpet om ein betre kvardag der framme...Så blei det eit slag i trynet på Ullevål siste dagen i august!...Tankane raste gjennom hovudet ja kva gjer eg no!? Ein ting er sikkert, livet mitt er no og eg har tenkt å leve det!! 
Så for vel ei veke sidan nådde eg Skårasalen på vel 1500 meter, og håper å kunne klatre til nye høgder fleire ganga :)
No blir det "bildespam"!!...Trykk for å få dei større og bla med piltasten til høgre ;) 
Ikkje kvar dag vi treffe på ein kjendis og veffal ikkje til fjells ;) Meget hyggelig og oppegåande kar...

 Litt grønt og snøv omkvarandre opp i ura...
 Veeeldig nære målet men var eit sekund usikker på om eg skulle makte det for smertene som eg hadde der var så sinnsykt...men eg var hakke seigare enn smertene ;) 
 Ååååå du mektige Hjørundfjord!!...
 M Å L E T er nådd å få sjå Hjørundfjorden ovanfrå er fantastisk...
For ei utsikt, for nåkken fjell og for ei oppleving!!...

 Mitt fantastiske turfølge!!...verdens beste mamma og Sky!! :)
 Føltes faktisk som eg flaug over fjorden...
 Vakkert når hausten set sitt preg på naturen...
Deeeeer oppe var vi...Tusen takk for turen mamsen!! :)

Husk...Du har eit liv, du veit ikkje kor langt det er eller kva som møter deg på din veg. Men, gjer det du kan for å leve det best mulig for deg sjølv og så for alle dei rundt deg ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...