mandag 5. oktober 2015

Endelig i Laupet igjen ❤️

Vi kom på hytta i går...vi Lurte på kva som kunne møte oss når vi kom fram, så kjem vi ned etter eit år utan tilsyn der alt av plen var klipt, og det ser ut som det kun var ei til to veker sidan sist vi var her!! Det er så utrulig snilt av naboen at eg har ikkje ord ❤️ Blir så rørt av at folk kan gjere slik...
 I soffan i går kveld ❤️ 

"Utan tilsyn i eit år!?" Rett skal vere rett for Tom var her på guttetur i februar og eg var innom ei natt i mai... 
På grunn av at eg opererte ryggen igjen fekk vi ikkje vore her i vinter og påska, og med valpekull og oppussing av nytt hus blei sommarferien heime.
Litt spent også med tanke på flommen som var her i September...vi merka nedbøren med ein "litt" meir fuktig kjeller enn normal.

Eg får ei herlig ro som er heilt ubeskrivelig med ein gang eg kjem hit ❤️ Ufattelig godt å stå opp i dag tidlig og berre rusle ein tur med hundane, så inn til frukost og lenger tur før vi tobeinte for på shopping...


Forsvarskjempen Katja i aksjon...

Denne veka er det snakk om å planlegge godt...Katja og Ingeborg var på cup i helga, vi fekk reist tidlig etter siste kampen i går (søndag). Kveldsmat på Galaxy og godt å endelig sjå hytta igjen og for barna å sjå grisa e dei alt hadde gidd namn - Rolf, Maya, Marie, Mia........ Litt småsyssel før vi må kjøre heim torsdag då Tom skal på sjukehuset for medisinering fredag. 

Blei tur til Blomster-Svein i Lier i dag!!! Eige innlegg kjem...
Innom på IKEA der blei det shoppa akkurat passe til å få i bilen, neste stopp p-hus galleriet, ja då sei det seg vel sjølv kor vi havna Lush på Byporten så Karl Johans gt. det vi var innom ein del butikka før pitstop på Friday's. 

Kjekke dag med kjekke folk ❤️
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...