fredag 7. september 2012

Irja`s hage…

Vakker stilkrose som vi kjøpte to av...Det er mammas favoritt 
Eit lite bilde frå korleis det såg ut før vi begynte...

Først messetur til Lillestrøm, innkjøp rundt forbi over fjella til Bergen med leiketøymesse, konsert og ikkje minst «endelig» fått gjort litt med hagen til mi kjære søster og svoger…Det har vore ein plan sia dei flytta inn for tre år sida, men vi har alltid hatt andre ting å gjer når vi har vært i Bergen, tida var nok ikkje heilt rett denne gangen heller med dårleg rygg, men no hadde vi en søndag ledig og då var det berre å hoppe i det. 

Utan nåkke mål og meining for vi av garde for innkjøp av plantar ;) Vi kjøpte akkurat det vi likte, tenkte litt men hadde ingen aning om korleis det skulle bli til slutt!
Vakker mørke sedum...ein av mine favorittar der den står i eine hjørnet saman med mørk burgunder gras, ein lekker plante med burgunder blad etc...Så var det berre å begynne ej begynte med litt «lugging» av ugras og sjefa rundt kva dei skulle gjer.
Det satt 3 kjerringar i molda uten så masse å bygge av så vi måtte flytte litt jord og plutseleg poppa den eine steinen fram etter den andre…for å sei det slik, der var faktisk ikkje anna enn stein 5 cm under jorda…puh etter ein heil dag såg vi ut som nåkken skikkelige «moldbuera» og litt slitne men ganske så nøgde :)
Vakker sedum som eg trur er ein av Irja sine favorittar...
Husfolket virka nøgde og då er «Mission completd»
Sender ei stor bursdagshelsing til min kjære svoger som fyller dag i dag 
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Man får jo så mye energi når man har det travelt!! Og det er jo det som er gøy!!! Å jobbe uten å ha en plan, er ikke så lett... Men fint ble det!!!

    Jippiklem;Ane

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koselig hilsen!!
    Nei det er nok ikkje alltid like lett utan skikkeleg planlegging, men dette blei veldig impulsivt ;))

    -Anja-

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...