torsdag 27. september 2012

Tur til Nederland

Onsdag morgon retta vi (eg og min kjære mann) nasen mot Vigra…vi var ute i god tid, ja det var heilt til vi kom på Eidsneset og hadde glømt nåkken tablettar – då hadde vi plutselig svinaktig dårlig tid ;-) 
Men med god margin (3. minutt – nok det!) fekk vi sjekka inn, levert bagasjen, parkert bilen og inn i køa på sikkerhetssjekken…Eigentleg ganske så greitt då å berre gå rett på flyet (etter ei obligatorisk kroppsvisitering av meg!!)…
På Gardermoen var vi sjølvsagt dei siste om bord i flyet og igjen godt å sleppe å vente ;)

Vi hadde heile dagen når vi kom til Amsterdam etter bussturen enda vi opp med handling av plantar hos Waterdrinker…her var det masse å sjå!! Vi fylte opp ein «container» med blomster og var fornøgd med det!
Heile Amsterdam er fylt til randen med syklar, gubben meina han skal starte sykkelhjelmsjappe og tene grovt med peng…I gatene måtte en passe seg for T-banen, bilane og syklistane – dei sist nemnde var definitivt farlegast!!

Onsdag kveld blei det koselig middag med cruise på Amsterdams kanalar…
Diverse bilde tatt under turen på kanalane, det starta i dagslys og blei avslutta i mørket…


Torsdag blei det tur til Hilverda som er ein av Nederlands tre største eksportørar av snittblomster – dei levera til Europa, Nord-Amerika, Østen og Midtøsten…
Her var vi inne i ein enorm hall der Tom blei imponert over logistikken ;)  Eg var imponert over mengder med fantastiske blomster 
Denne fantastiske fylte lilja skulla eg sjølvsagt hatt i butikken…

Etter blomsterglede på Hilverda gjekk turen vidare til ein leverandør som hadde tilbehør til blomster, gaver, små interiør etc. I og med det var masse av det same som vi har i butikken og ein del av det som kjem inn i løpet av hausten var det ikkje nåkke vi hadde behov for å handle…………………………………….eeeee bortsett frå nåkke som eg meinte vi kunne ha bruk for – det skal eg love å komme tilbake til om ikkje så alt for lenge ;))
Vakkert ved inngangen...må sei eg likte den fargen her asså ;)

Vi var så heldig å bli kjent med eit herlig par frå Raufoss – veldig greitt å reise på tur med dei!! Laurdagen var det tid for å sjå litt meir av byen i dagslys ;) sjølvsagt skulle blomster Markedet (eller skal vi sei lauk Markedet) inspiserast…

Skjønne vakre små cyclamen eller alpefiol som mange kallar den…som Merethe sa at knollen var meir som små kuruker ;))
Søndag var det litt venting på flyplassen med litt drikke og nåkke godt attåt

Vi måtte vente i ein time om bord før det kunne lette – så då vi kom på Gardermoen blei det ein lang springetur og tollfolka måtte tru vi var steike galne der vi fauk forbi ;)


Her var nåkken bilder frå turen, og det kjem nok fleire bilder (kanskje i morra) frå Floriaden etc…Men, no tek eg natt 
Klem -Anja-



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset ... ...skodda har lagt gra...