torsdag 25. desember 2014

Det skjedde i...

...dag!! 24.12.2014 fekk "Nora" sine førstefødde...vi var ferdig med middagen og klar med dessert og gåver, men ikkje lange stunda gjekk før ho begynte å valpe så i år var verken kaffi og kaker eller gåver nåkke vi tenkte så masse på. Det blei ein julaftan utanom det vanlige der vi fekk ta imot 9 herlige små nøster!! 

Det tok litt tid før folk ensa pakkane og må innrømme at eg ikkje har fått med meg kva barna har fått og kven det er frå, men takk til dåkke alle!!...
Tim Are han kunne ikkje gå frå valpekassa for å pakke opp, for han måtte passe på familien sin! Han har passa på at "Nora" har hatt det bra i heile dag, han har hatt ho ved seg på soffan og vore ved valpekassa når ho fann den og fødselen nærma seg...Etterkvart med litt overtaling reiv han av papiret på ein del ;) Ja, om nissen kom spilte ingen rolle for han hadde jo fått så fin gave likevel...men då den kom så var han snart å finne ein valp å vise fram ♥♥♥
I skrivande stund klokka er passert midnatt og Tim Are sitte med valp i handa og synger julesanger "vi gleder oss til jul"...å få han til å sove i natt blir nok ikkje lett, men han har laga til med reins- og lammeskinn ved kassa og skal ligge der.
Katja kom med ein pakke til meg under fødselen, ho meinte eg gså måtte få med meg litt...
Tim Are vise stolt fram eine valpen til nissen...

"Nora" var så fin og rolig å ensa ikkje det slag at vi til tider var fleire på "valperommet"...Fødselen gjekk fint, sjølv om eg etter valp nummer to pusta letta ut for kvar svarte som kom ut.
Det blei altså 8 "jesusbarn" og 1 "marsipangris"!!...
Tim Are tok seg tid til å følgje nissen ut i døra...
Her er gjengen samla og jaggu ser den gule tigra ut før den blei heilt tørr...Med dei gule anlegga frå sin far håpa eg "Nora" har fått det brune med seg frå si mor!
Tim Are er heilt oppslukt og ber oss slappe av for han har full kontroll!!

Samme rom og plass berre ny farge på veggane fire og eit halvt år tilbake var Tim Are iherdig i valpekassa den gang også. Dette er frå sist vi hadde flatvalpa, her er "Lisa" med kullet til "Nora"...
Marsipangrisen vår merka seg ut og vil tru han vil gjere det framover også, barna har veldig lyst å ha den sjølv, men forklara at det ikkje går. Det skjønte dei, men dei håpa den kan få vere i nærheten...

Det har seg slik at eg fann først ut at far til Nora bar gult på paringsturen og etter år med "valpetørke" hadde eg ikkje tenkt gentesting av Nora då eg kun har hatt svarte og brune linjer tidligere litt ute av gamet ei stund hadde eg ikkje fått med meg at Jungman hadde gitt gult i eit kull. Men, så hører eg med Carina og teoretisk er det mulighet for gule anlegg på den sida også, dei har heller ikkje hatt gult tidligere...så under ein kaffikopp kom vi asså på at muligheten var der og jaggu ta blei det ein liten gul valp, eg takka for at det kun blei ein!! No må det gentestes her for å ikkje doble det og få fleire, men takka for at det kun er ein farge og ikkje sjukdom...og må innrømme at marsipangrisen vår har vore kveldens høgdepunkt blant dei andre familiemedlemane, ja må innrømme at fargen er fin men...
Så i dag har vi altså fått 8 "jesusbarn" og 1 marsipangris!!... Eller er det marsipangrisen som er jesusbanet sia den er den spesielle!?... 
For ei lita tid tilbake drøymde eg at det kom ein tigra valp ut, den var gul og svartstripa og dette sa eg til Tom og barna. Tim flira og rista på hovudet og meinte på at Daniel måtte lage drøymefanger til meg :)
Jaja, eg blei litt sur på meg sjølv for at eg har "sove i timen", men kombinasjonen synes eg er så god at eg er glad eg ikkje visste for då hadde eg jo ikkje tatt den!!...Det er faktisk berre ein farge og den kan eg jobbe vekk videre. Så den lille marsipangrisen blir nok litt spesiell her vil eg tru...
Dette blei sjølvsagt ein julaftan ikkje heilt etter boka...
I år var mamma, pappa og min bror Narve her med oss!! I år så sakna vi alle farmor, ja til og med min kjære bror som har feira dei siste 17 åra ilag med ho syntes det var veldig rart å ikkje ha ho ilag med oss. Men, eg og Katja var der med ho tidligere i dag og i går var Tom og begge barna der...

No skal vi berre nyte jula ilg med familien og kose oss med valpane...akkurat no kom Timmen med ein valpebæsj i handa og spør kor masse av det må han plukke? Trur eg får god hjelp av han framover! Ja, så var det greit å ta den for han hadde jo hanska på seg ;)

Dåkke kan tru vi har hatt ein fin julekveld og vi skal kosemose oss gjennom heile jula...
Juleklem -Anja-

Blei ikkje posta før i dag då augne sig sammen i går...I natt har Tim Are lagt ved valpekassa og passa på valpane, våkna ii ttre-havlfiretida då det var eit par valpa som skreik høgt. Han såg at eg ordna opp og la seg for å sove igjen ♥♥♥


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...