søndag 28. desember 2014

Steik kor gøy

Heilt nede i innlegget kan de sjå fleire filmklipp frå dagens skitur hahaha... :)))) Om du vil sjå bilda større er det berre å trykke på dei...

Ut på ettermiddagen gjekk Tom ut til barna, tok på seg skia og tok ei runde rudt i nabolaget. Eg laga pastasalat til lunsj og måtte berre spise opp før eg kunne joine dei. 
Fekk beskjed av min kjære at dette måtte dokumenterast!!...jaujau i dag var du spreke, men dsse skia dine må brukast litt oftare, ja mine med for den del ;)

Eg gjekk ut og Tom for inn, ja slik er det når ein har små valpa då må det alltid vere nåkken å passe på.
I dag tenkte eg at dagens tur skulle gjerast på ski!!...Spør jentene om dei vil vere med rundt vatnet? Jepp det ville dei sjølv etter tima og i bakken og litt hit og dit så blei dei med.
Tenke seg til å kunne ta på seg skia ved husveggen og skliiiii heilt opp til vatet!...

 Tre jenter, ja og ei firbeint lita dame på tur...
 Emilie, Sky og Katja med to minutts pust i gapa-huken bak skulen...
Steike varm og svett matmor etter ein lang og fin tur med massevis av latter!!... :)

Eg har vel aldri bombadert folk med så mange snappa før heldigvis dei fleste på my story men du og du kor kjekt det var!! :)))) Tenk at vi er så heldig å få snøv så vi kan kose oss med i jula. Ja litt dritt at den kjem til å regne vek straks, men vi får nyte det så lenge det vare :)

Her kjem ein del videosnutta frå dagens skitur!! Håpe det får deg til å dra litt på smilebandet...vi har veffal flira godt ;))
video
Eg og Sky kjøre på stadion og Katja ligg på trynet i snøven...
video
Åjåjåj...der ligge ho igjen...Eg og Sky kjem i sto fart :)
video
Det går fort gjennom skauen når Sky sette farta så vi gir jentene eit forsprang, men tek dei fort igjen...
video
På veg nedover og vi tek nesten igjen jentene som låg i bakken, så skeia Sky ut og må gjer sitt fornødne...heldigvis klarte eg å halde meg på beina :)))
Du og du kor eg flira, ja godt eg ikkje nett ha født for då ha eg sikkert pissa på meg ;)
video
Steik for ein kjekke tur...
video
Litt ekstra renning ved skulen før vi skliiiiiir heim igjen...
video
Så var det berre å skliiii siste biten heim...

Skulle sjølvsagt hatt filmen framme då Katja skulle renne frå gapa-huken og ned mot skulen for der var ein kant som blei til eit hopp. Også då vi skulle krysse vegen i kyrkjekrysset, og med grøn mann kunne vi gå over vegen...Emilie hasta seg over og kom seg bikka halvvegs då stupte ho rett på trynet!!...Eg ler vettu klare ikkje halde tilbake i komiske øyeblikk ;) så Katja blei nåkken sekund litt irritert på meg ein gang, men det gjekk heldigvis fort over!...ser den asså, men det er så vanskelig å stoppe :) 
Jaja med både knall og fall på jentene var vi heldigvis like heile då vi kom heim etter ein herlig tur ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...