onsdag 24. desember 2014

Å stemning vart det ❤️

...i går tok eg med meg Aud, mamma og Eirin på Julenattine med Scala Brio i Langevåg kyrkje. Tidlig ute for å få god plass jadda, ryggen var ikkje mykje samarbeidsvillig men det er verdt kvar ei skjærande smerte! Organisten sat klar ved sida vår og då tonane strøymde ut kom ståpelsen...så kjem koret gåande inn med "Deilig er jorden" og tårene var ikkje lett å halde tilbake.
 Koret kjem syngande inn...
Eine fine julesangen etter den andre fylte kyrkjerommet med eit flott arrangement. Fleire av mine julefavoritta blei framført og sjølv om eg sakna O helga natt var kvelden perfekt ❤️ I år var det damekoret Sirene m/dirigent Torgeir Hauge som gjesta Scala Brio...Utrulig flinke og godt arrangert, då dei sang "Mitt hjarte alltid vanka" gjekk det frysningar frå skuldrane, nedi stortåa og opp igjen til hovudet...
Avslutninga med "Nå tennes tusen julelys" er så fantastisk at det ikkje kan beskrivast med ord...men de skulle berre kjent følelsen i hjartet ❤️ Rørt og så uendelig glad for å kunne oppleve dette år etter år...Tusen takk til alle dåkke! 
I dag kom det folk frå koret inn på butikken og som tidligare år fekk eg også i år nesten tåre i øyne berre av å sjå dei etter opplevinga i går...
 Gjestekoret Sirene med dirigent...
 Begge kora samla...
Fantastisk "Nå tennes tusen julelys" medan folka forlet kyrkja...


I år som tidligare var det ei fantastisk oppleving å få delta på dette...eg er liksom ute å spør tidlig i desember når tid billettane blir lagt ut? Då eg må sikre meg før det blir utsolgt så var nok ikkje rart at eg var den første til å kjøpe billetta i år  ;)
Det er noko spesielt med koret og julenattine siste fredag kveld før jul...ja, ditte er mi førjulsgåve til disse skjønne folka "mine" kvart år, og eg håpa vi får maaaaaange slik gripande og minnerike kvelda i åra som kjem ❤️
Ønska alle ei herlig tid og måtte de alle få ei trygg, fin og rolig julefeiring...
Klem -Anja-

I og med vi har vore nettlaus fekk eg ikkje publisert dette før no i ettermiddag...ribba er i omnene, pinnekjøttet putra i panna og i tillegg venta vi på ein valpefødsel...Nora er i blokkinga no og kanskje blir det rettelige julevalper vi får!! O tore glede for ei spesiell jul ❤️❤️❤️

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...