mandag 13. april 2015

Å slik går no faktisk dagane...

Ein ting er veffal sikkert...slite du med ei form for smerte eller kronisk plage så blir du garantert ikkje verre av å kome deg ut!! Det er berre å starte i det små og etterkvart merka du at det gir meir enn det tappa deg!!...
Ikkje gi opp!! - Kom deg "opp" og ut 

...Står opp alt for tidlig, ut med nåkken firbeinte, prøve å gjere litt småting før barna skal opp, frukost og ein rolig morgon ilag med barna, kjøre til skulen og så ut på ei runde. Kan eg sei at i dag var nåkke av det værste eg har vore borti!!?...OMG det kjentes som om ryggrada hadde rusta og eg kjente det skar gjennom for kvart steg eg tok. Trudde det skulle bli med ti steg, men eg beit tenna så  hardt saman at kjeven verka enda 9 tima etterpå!, så sta som eg er kom eg meg rundt vatnet "sløyfene" inkludert!!... Berre for å forsikre dåkke - eg gjer ingenting gale sjølv kor låkt det er, det er berre dinne forbanna kroppen min som ikkje vil vere med på nåkke og må konstanter at det blir nok ikkje så mykje betre dette her :/ Men, alt håp er vel ikkje ute enda håpa eg...for når ein har gått så lenge med konstante ekstreme smerter vil eg tru kroppen treng tid for "omprogrammering", ja om det er endring etter operasjon da....................det vil berre litt meir tid vise ;)
Her skal hp mor prøve å gjere sine øvingar på kjøkkengulvet...det er ikkje så lett med svarte pelsdottar som vil ha kos...Til venstre ser du berre eit hundehovud som skal inn til mitt hovud, på det andre har ho rett og slett berre lagt seg oppå meg...

Etter tur er det øvingar heime, så må eg berre ta dagen som det kjem...er som regel i seng rundt klokka ni for då makta eg faktisk ikkje meir. Det er vel litt slik når ein har problem med å sitte, så blir det skakke stillingar og feil belastning slik at alt blir litt vondt. Men, eg kom meg på finurlig vis til og frå Stryn i helga men i kjørestilling som kun egna seg i bilar med automatgir og knapt det så det gjelde å vere resultatorientert - til Stryn skulle eg uansett på eit slags vis :))  Å pine seg slik er det kanskje ikkje så mange som gjer, men har barna mine det bra har eg det betre også...så godt for mammahjarte å få følge barna sine og ikkje minst å få innput til topplokket...

 For ein flotte gjeng med handballjenter og steikebra trenerteam!!...
Drista meg til å legge ut fellesbilda der alle står med ryggen til ;)
Forledre og heiagjeng!!...Katja som har fotografert her ;)

I morra skulle eg eigentleg til Ullevål på kontroll men fekk heldigvis utsatt det til neste veke.

Eg prøva å sjå forbi smertene i kroppen og den rustne ryggen, for eg har så mykje eg vil og det er nesten det værste for eg skulle gjerne ha rydda eit par rom, og ønske om å begynne på nytt hus tæra litt ekstra no når skrotten er ekstra låke kjenne eg...er det mulig å sei tryll tryll og nytt hus!??...
Heilt klart idiotisk å tenke materialistisk når ein ikkje er så bra sjølv, men eg tenke om ein trivst betre i sine omgivelsar blir dagen mykje betre å vere låk i ;)
Elles må eg sei at våre firbeinte gjer dagen mykje rikare og dei gjer så godt når dagen ser så svartast ut...ja ein svart, varm og våt snute er betre enn alt du får på resept ♥♥♥ Så no ut i sola og trene litt hund...
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...