lørdag 18. april 2015

På "Gofjellet" igjen!!...

...å det ilag med verdens beste "Sky" og ei god barndomsvenninne ❤️ kunne ikkje bli betre i dag!
Herlig turver, godt selskap og fin prat så gleda meg til neste tur...
 Barndomsminne med barndomsvenninne..
 "Sky" på fjellets høgste punkt...
 Utover mot Langevåg o Breisundet...
 Men, det er vakrare når ein snur seg og ser Storfjorden og innover Hjørundfjorden...Ja til og med når dei spektakulære fjella er delvis dekka av skyene... 

Var nok einaste denne dagen denne veka eg hadde klart å kome meg opp i og med det har vore ganske så skjærande smerter, men det her gjekk akkurat. Dusj og eit par tima med kvile etterpå så tok vi turen til Sunde igjen og på Sjøbuda å spise ilag med mamma og pappa, Eirin og Ferdinand - superkoselig og nydelig mat, så det der kan vi gjerne gjer igjen!!

Vel heime tok  eg med meg familiens fire fibeinte ut på ein liten kveldstur :)
Ønska de alle ei riktig god helg!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...