torsdag 4. juni 2015

Det meste handla om #meistring

Når vi ikkje kan gå så masse tur så finn vi alltid råd og kan styre i hagen mellom regnbygene!! Fleire bilder lengre ned...
Når de ser epletre og rhododendron som blomstra veit ein det er vår og sommar, men veret vise ikkje at det er den årstida for tida ;)


Kvardagen handla stort sett mykje om store og små meistringar, men nokon er innimellom meir avhengig av å meistre ting for å ha eit liv...eit liv er ikkje berre eit liv, men god livskvalitet er greit å ha med seg på vegen.

For meg er det å kunne meistre smerter i fleire situasjonar eit must og øving gjer meister, og eg meina utan å bli for sjølvgod og få jantelova tredd ned i hovudet så har eg blitt ein meister i meistring :))

Eg har ikkje merka stor forskjell etter siste operasjon det er stort sett det same i tillegg til operasjonssmerter som heldigvis var forbigåande. Så heilt ut av det blå har eg plutselig på ein måte møtt smertehelvets hersker!!...Dei siste par vekene har det berre blitt litt verre for kvar dag, smertene finne seg liksom ein liten ny nerve for kvar dag og innimellom møtes disse banene til ein ekstrem eksplosjon!! 
Høres litt sånn spaca ut, men de er til vanlig nesten uuthaldelige smerter, og når det då blir ekstra så blir det nerveskjærande og heilt forjævlig fysj Anja slik skal eg ikkje sei...og det var for eit par daga sidan det streifa meg "har eg no komt til det punktet at eg ikkje lenger makta dette og blir slått ut?"...litt skremmande sidan eg i over 4 år har takla det på ein relativ grei måte.
Det er litt frustrerande når eg ligg mesteparten av tida og smertene gjer at du får influensa følelse og neste oppblåst hovud ;) Spesielt frustrerande når eg har lyst å gjer såååå masse!! Har jo ting som skal ryddast, pakkast og kastast. Her skal jo bli klart til visning, sal og ikkje minst flytting! :)
Så skal eg klare å kome meg gjennom det så må ein sjå på gleda og fordelen ved at ein klare å gjer nåkke om så berre bittelitt. Eg kan love at huset ikkje er shina om dagen, men eg prøva å få litt ned i posa og ut i containaren, og klede som vi ikkje treng i posa til innlevering det som ser bra ut og kast det som er velbrukt. 
Eg er jo ein person som ville ha ting gjort i går, så då er det framsteg at eg kan klare å slå meg til ro med at ting tek lengre tid enn eg i utgangspunktet ønska...

I går kveld ja på ein heilt vanleg onsdag tok eg med meg eit glas raudvin og vatn ut i stampen ein times tid...der drøymde eg meg vekk og tankane flaut litt fram i tid når eg kan slappe av i stampen igjen i heilt andre omgivelsar ♥♥♥ Å ha ting å sjå fram til store eller små er liksom små goder på vegen som gjer at kvardagen blir lettere ;)
Ikkje minst er det lettare å ha med seg ein fin familie, og nåkken firbeinte på denne skranglete meistringsvegen... 

Her ein dag var det ei som spurte om eg ikkje skulle på jobb, og om eg var så lite på jobb!? Ja, godt spørsmål eigentleg...men eg er faktisk langt frå arbeidsfør og hadde vel eit håp om endring av det etter operasjon. Så eg tek all jobbing som bonus det å få drive med blomsterbinderi og diverse er veldig kjekt og det er med på å fylle på med energi. 

Det var så godt det ei sa til meg, så lenge du kler deg og hiv på litt sminke så ser det ikkje ut som det feila deg ein ting, og det er det folk også vil tru. Spesielt når eg tek på meg mine "fargerike" treningsklede og går på tur kvar dag dei siste dagane har eg ikkje klart det og det skal jaggu mykje til!! men er tilbake i løpet av helga - viktig å vere optimist!! så innrømme eg at ein SER frisk ut, mine indre kampa er det beklageligvis ingen som kan kjenne heldigvis...
 Våra firkløver her heime ♥♥♥ for tida ei barbert Mille (ho har gått så mykje i fjellet og skogen at det var godt å få vekk all pelsen slik at gjørme og diverse er lettere å få vekk. Vi får satse på utstilling til neste år!), Keesha som innynda seg med Sky og herligste Bobby...
 To herlige valper som ikkje alltid har det beste uttrykket når dei sit der å håpa på ein godbit ;) Men søt er dei ♥♥♥
Kjæraste og herligste Bobbyen ♥ har har berre eit så herlig vesen...

Men eg skal kome meg over denne kneika også tilbake i turkleda og kose meg med dei firbeinte som er min medisin utanom familien!!...Det er min rekreasjon og dei gir meg så utrulig mykje disse rampete firbeinte ♥♥♥
Bloggen har også vore med på at eg meistra ting, det er så godt å få det ut og sjølvsagt alt blir ikkje publisert, men det har vore ein slags terapi berre å få frustrasjonen ut gjennom fingrane...Dette hjalp, så akkurat no føle eg meg litt betre og skal få pakka vekk eit par posa med klede, og er då eit par posa nærare flytting...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...