tirsdag 16. juni 2015

Summande hage

Ja takk til ein summande og levande hage!!:) 
Det kribla i heile meg etter å få kose meg i hagen igjen!!...
 Eit rådyrpar på besøk...Fine og koselige er dei, me det er ikkje nødvendig å øydelegge trea slik!! ;)

 Herlig med ein blomstrande hage der det summar av humle, bier og ikkje minst vakre sommarfuglar. Alltid kost meg i hagen sjølv om det har dalt den siste tida her heime, men på hytta er det herlig!! No begynne eg også å få ei aukande lyst på hagelivet ved huset igjen...
Det er viktig å ha forskjellige blomstrande plantar gjennom heile sommarsesongen, ja om vi nokon gang får ein sommar i år - så eg får vel kalle det blomstersesongen ;)
Men uansett sommar eller ei så har eg hatt litt nyttige plantar rundt hushjørnet...som Helleborusen som eg er så glad i er fint for humla på våren, så har eg alltid massevis av perleblomster. Rhododendron i forskjellige farga og varianta blomstra frå begynnelsen av mai til langt ut i juni, ja i år trur eg den vil blomstre godt inn i juli også. Hagen her i Langevåg er full av vakre rhododendron, men det er minst like mange i vår nye hage...i tillegg nåkre azalia og fleire varianta av syrin og alle disse herlighetane digga humla :) Så om det ikkje berre er fryd for vårt auge så har det sin misjon også. 
 Humlene kosa seg i dei store rhododendronane...
No i vår har vi også satt ned mange laubærhegg som også kjem med velduftande blomster til glede for humla, tenke når vi berre får eit lite år på oss så skal det virkelig summe i hagen. 
Ja, det gjer det sjølvsagt allereie men ein kan vel aldri få nok eller!? 

Det var vel i fjor somar eg skulle fotografere hundar på marka, eg hørte kor det summa i g mellom alle kvitkløverane i marka men mest oppteken er eg nok i å få fanga objektet i linsa. For å sei det slik så trur eg eine humla kom "litt" i trangsteg då eg vart stukken på baksida av låret... :)))

Elles har vi forskjellige gyvlar, frukt- og bærtre, akeleie, peoner, prunus, sibirvalmue, lavendel, forskjellige roser og masse meir...


Valmue veks villig uansett...tok med meg ein avlegger på hytta i fjor sommer og trudde aldri den ville leve over, men den stod med fleire knoppa no i mai...Bildet her er tatt i ny hage og der er det masse!!
Nydelige roser...
Pryd kirsebær...


Gleda meg stort til å få hagen slik den er tenkt velduftande og beroligande for sinn, auge og nase...

Kor eg gler meg allereie til neste sommer i håp om meir sol og varme som gjer at hagen står i all si prakt med flotte farga og herlige dufter!! Eg lukke augene og nesten så eg kjenne lukta fylle rommet... 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...