onsdag 17. juni 2015

Har du ryggrad!??...

Har du ryggrad!??...til å gå å slenge dritt om folk ja då burde du jaggu hatt ryggrad nok til å spørre folk rett ut om kva det er!!...
Eg har heile tida hørt forskjellig og det prella litt av, men no har eg faktisk møtt metningspunktet mitt!! Ja, eg er faktisk så drit forbanna lei av drittsnakking at eg vil spy og er veldig glad for at mi tid i Langevåg snart er forbi!! (Sjølvsagt snakk utanom Langevåg også, men syns det har gått litt langt her no...)

Eg har tidligare sagt at kan eg glede folk med at dei skal kunne få ha noko å prate om så la dei få gjer det, men alt har si grense og det har faktisk eg også!!
Ein ting er at folk skal gå rundt å snakke om at eg skal legge ned butikken igjen for seksjonen vår er for sal så børe dei sjekke fakta først! For, ja den har faktisk lagt ute for sal sidan 25. april 2013!! (Det har stått "Til salgs" plakatar på vindauga heile tida!) Det har seg slik at det ikkje alltid er like lett å selge næring som bolig...Derfor har vi ein takst på kr. 3.400.000,- og ei prisantydning på kr. 2.500.000,-
Eg publiserte annonsa og dette på bloggen i april 2013!!
23.04.2013 - Vil sei at butikken er i full drift heilt til nåkken eventuelt kjøper lokala!! Vi har bestilt varer kvar dag denne veka og vi får stadig påfyll!! :)
Sal av eit lokale kan gå kjapt, men vi veit også at dette kan ta lengre tid...Uansett håper vi å sjå dåkke alle i butikken framover og lova å underrette så snart vi veit nåkke ;)
Ha ein strålande dag... 

Det blei etterkvart mykje snakkis den gang og folk begynte å spørre kva tid vi skulle ha opphørssalg!...folk gjekk å såg seg ut kva dei skulle ha og veeeeenta på eit salg... 

Så for litt sida annonserte eg berre salgsprospektet på Gavehuset si facebookside og då tok det ikkje lange stunda før folk begynte å spørre kor tid vi skulle ha opphørssalg igjen!! 
Dette skjer berre eit par månader etter eg starta opp igjen!? Med ein gang folk starta med snakket blir det sjølvsagt mindre folk i butikken...men, alle de som er så stor i kjeften de skal vite at mykje av det kjem for mine øyre også. "Ja no går det så dårlig at ho må selge og legge ned" - "Går det så dårlig her at de må ha stengd mandaga?"  -"Går ikkje det bra nok til å ha større butikk?" og mykje meir kunne eg ramsa opp...
I tillegg hadde dei som ikkje betala for seg gjort opp så hadde det vore ei "gullgruve" berre å stengd dørene. Men "storkara" er de men betale gjer de ikkje!!...

Det at de slenge ut om at butikken skal leggast ned/selgast er det berre å kome å spørre meg rett ut om!! Eg sit på ein seksjon der eg ikkje nytta meir enn knappe halva så det er klart eg vil ha inn nokon der, men utleige ligg ikkje for meg så derfor ville vi selge slik at dei som kan det får drive med slikt. 
Men, eg reagera sterkt på det praten har dreid seg om i det siste, det som går no om at det er så dårlig stilt med meg at vi no også må selge huset våra!! Kvar tek folk ting ifrå!?
Eg er faktisk berre eit menneske å kjenne eg er både skuffa og lei, så blir eg forbanna på ein måte at eg har ikkje godt av det!!... Om så var at vi var så dårlig stilt, er det i så fall noko å gå å sladre om!!? De burde skamme dåkke!!...

Prata med fleire dei siste par dagane og sei det rett ut at eg vil spy av folk, eg er så drittlei at eg er glad eg snart skal flytte...
Ja, for hadde folk fått med seg ting via bloggen eller spurt meg så skulle dei fått høre at eg har ville flytta i maaaange år!! Folk har vel sett oss på forskjellige visninga også dei siste åra. Skam dåkke for prat og har du vore ein av dei? Ja, så kom ikkje å fortell med kor fælt det er med folk som prata for det kan du gjer om du skal beklage deg for det du har sagt, om ikkje berre hald kjeft.

For ordens skuld...dette har ingenting med dei som kjem smilande til meg å spør kvar er de vi skal flytte asså ;)

Eg har oversett ting så lenge at no er det faktisk nok!! Nok er nok for meg så får folk berre meine kva dei vil om det, ja og ein del får sikkert nytt å snakke om. 
Eg har faktisk verdiar som eg held fast ved i livet og sladder bite stort sett ikkje på meg, og fleire har sagt at eg berre må oversjå det og ikkje bry meg...men, når du faktisk slit deg gjennom kvardagen i eit smertehelvete og i tillegg skal gå å få høyre alt som blir sagt då møte du til slutt ein slags vegg!!...
Eg kan nesten ikkje gå på butikken å handle utan folk spør om eg skal legge ned, om eg ikkje er på jobb etc.?


Eg veit at akkurat "DU" lese dette innlegget og du kan no kanskje kooooose deg med enda meir snakk, eller kanskje gå til grasrota å spørre korleis ting er.
Eg er så skuffa over korleis folk kan oppføre seg at ein mista lysta på alt som har med butikkdrift i sentrum å gjer. 
Eg har egentlig nok med eiga helse så når det blir så mykje ekstra enn "berre" drift av ein butikk så makta ein rett og slett ikkje. 
Etter nåkken månader med snikksnakk orka eg ikkje berre legge det bak meg så no treng vi å "puste", og vi skal med det ha sommarstengd i heile juli...Så ut heile juni har vi -30% på alt i heile butikken!!
Folk må berre gå rundt å vere fin opp i trynet på meg, men no har eg funne ut at mitt humør, mine ord og min energi skal brukast på dei som står meg nær...falskhet er eg lei av. 

Denne gangen var det om meg sjølv eg "prata", men kanskje vi alle skal begynne å tenke over kva vi prata om, er det for underhaldninga sin del, for godheta sin del eller rein og skjer ondskap!??...
Eg tenke vi alle må begynne å feie for eiga dør før vi skal kose oss over andre si "ulykke"!!
Eg har snakka med eit par som har vore offer for ondskapsfull drittslenging på bygda, og kan vel sei det slik at dei oppleve det som svært sårande og ubehagelig...så det er greit å tenke seg om før ein går rundt med sladder.

Det ligg så lite til min natur å blir sur og forbanna...spesielt blir det å prøve å endre haldninga mi for eg smile stort sett og hilse på folk eg kjenne, men no veit eg jaggu ikkje kva eg gjer lenger.....................
Einaste eg veit er at eg skal stappe kroppen (som ikkje tåle smertestillande) såpass full at eg klare å få pakka ned ditte huset og kome meg til helvete herifrå!!...
Eg skal virkelig finne roa med familien min  hundane, og pleie ei svært dårlig helse. Om eg makta å drive butikk i Langevåg lenger det får eg berre sjå etter vi har hatt ferie...  
Samansetting av snittblomster er det sjølvsagt ikkje 30% på...
Her er frå dagens arbeide - det har liksom vore med på å gi meg energi, men det funka ikkje så godt lenger.
Er takknemlig for at eg før ferien går av med å lage til te ei brud ♥ og eg skal virkelig kose meg og håpe sjølvsagt bruda blir fornøgd med arbeidet!

100% ærleg og rett frå hjarte...eller er det kanskje levra dette ;)
Ha ein fin og forhåpentligvis sladderfri kveld...Eeeeeeller kanskje har eg no heve bensin på bålet og de no skal ta opp telefonen taste og trykke eller berre kose dåkke med fleire sladderhistorier!!...
-Anja-

1 kommentar:

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...