lørdag 20. juni 2015

Overvelda

Over så mange flotte tilbakemeldingar på blogginnlegget mitt ♥♥♥ Det er sikkert litt negative også, men dei vel eg å ikkje ta så mykje til meg :) Er det ikkje flott at vi faktisk kan velge ut kva vi vil og ikkje vil!? hahaha...

Men, beklageligvis har det vore ein del slengbemerkningar etter at vi begynte med -30%...kjenne at det ikkje altid prella like godt av. Sikkert ein kombinasjon av at eg har vondt, er sliten og litt lei prat ;)
Greit å få ut litt varer før vi skal ha stengd 1 månad...Så ta deg gjerne ein tur innom :)

Eg håpe at dette kan opne dine, mine ja våre auge for at vi ikkje skal gå rundt å prate om folk. Eg innrømme igjen at eg heilt sikkert i løpet av mitt 35 årige liva har sagt ting eg ikkje burde, men eg trur med handa på hjarte at eg aldri har prata nedlatande om folk for å gi eit betre inntrykk av meg sjølv.

Eg sov faktisk meir enn normal natta etter eg publiserte det...eg som trudde brevet frå Ullevål skulle ta nattesøvnen min. For eg har gått å veeeenta på ei innkalling og skjønte etterkvart at dei ikkje rakk meg før i august. Brevet, jau det var ei rekning på utelatt time!!! OMG den har eg ikkje mottatt...snakka med dei og dei hadde heller ikkje sendt ut SMS som dei skulle. Så om ei veke eller to ringe eg for å sjekke den nye timen ;) Jaja, må sjå det positive i det negative og det er heilt greit å gi meg ein måned eller to i håp om å bli betre før eg treff legen :)

Eg håpa for min og dåkka sin del at det tek litt tid før eg blir så negativ igjen :)) For det er liksom ikkje heilt meg...
Ha ein herlig dag, og stikk gjerne innom ho mor på butikken!! eg skal også innom etterkvart :)
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...