torsdag 23. juni 2016

Draumen om det gode liv

...ein definisjon av det gode liv - livsledsager, barn, hus, stasjosvogn og ein fibeint!! Ja då er du veffal med i gjengen om det gode liv etter mi meining...uansett korleis ein då har det så er utgangspunktet bra ;)
Må innrømme at å ta ei lita pause frå barnedåp å heim til dette er slettes ikkje dumt...isadenfor å drikke kaffi kan eg godt plukke litt dritt ;) Huff...er det dette som kallast hundegalskap!?...

Eg har blitt satt ut av arbeidslivet etter den første store og fatale ryggoperasjonen i januar 2011!!...Men, som sagt har eg fortsatt eit liv å leve så smertene får hard kamp kvar ein dag. Eg når stadig små mål eg sette meg og gir ikkje opp så lett sjølv om det var tanken som streifa då eg ikkje kunne arbeide men ein må prøve å tenke nytt så kva kan eg gjere som har "litt meining"!?...
Hund har vore ein lidenskap dei siste 20 åra og dei har hjulpe meg gjennom dei åra frå helvete starta til eg "innsåg det"...og no har eg innsett ein ting til!! ;)
Er kanskje ikkje så lett å sjå sidene ved det å drive oppdrett sjølv om eg begynte å kurse med då eg var rundt 16 år og enda kun hadde hannhundar ;) Nye ting oppdaga ein kvar dag og gjennom desse fantastiske åtte vekene med valpa i hus har eg innsette ein stor del av det å drive med oppdrett............Det å kunne få gi frå seg ekstremt trygge og goe, vel prega valper med ein frisk start på livet, og det er kanskje ikkje alltid ei sjølvfølge.
Men, noko som igjen har gitt meg energi (sjølv kor trøtt og sliten ein blir etter dei siste 4 hektiske vekene) er tilbakemeldingane frå så mange flotte valpekjøpera 
♥♥♥ De har gitt meg så gode ord at tårene står i augene og klumpen i halsen!!...Eg har aldri vore god på å ta imot kompliment (er veldig flink å sjå mine dårlige sider som mange andre...), men har no begynt å ta det til meg og de skal vite kor mykje de som valpekjøpera og kvar enkelt valp betyr for meg ♥ Hund er ein stor del av livet mitt (det har nok gubben min skjønt, om ikkje trur eg han hadde forlatt meg for tre hunda sidan)...dei gir meg mykje, men den gleda eg har av å kunne berike familiar eller enkeltpersona med slike skatta er ufattelig godt. I ein telefonsamtale med ein av dåkke kunne eg nesten føle på det at eg har ei meining i livet...

For å drive oppdrett handla ikkje berre om å få plassert valper rundt der dei kan premierast på utstilling eller bruks. Sjølv om det er fint å ha som eg kan vise til for å få nye kjøpera ;) Uansett vil det viktigste for meg vere å kunne bruke 8 veker på å gi valpane den beste og tryggaste starten på livet!!...
Det handla faktisk om at du skal tilføre rasen noko når du planlegge og gjer ein kombinasjon, men den jobben frå fødsel til levering er like viktig for at eigarane skal lykkast med sitt nye familiemedlem.
På tur med fine valpekjøpera...

Eg vil sei tusen takk for at alle som har kjøpt hund av oss eller har den på foravtale har valgt oss for å gjere familien komplett ♥ eg set umåtelig pris på dåkke og gleda meg med dåkke om det er familiekos, turkompis, nåkken steike bra venstresvinga, eit godt ettersøk eller i jaktmarka!!...
Så lenge akkurat du har fått "verdens beste hund" veit eg at her skal eg gjere det beste for å få nye gode kombinasjone til glede for nye og forhåpentligvis gamle valpekjøpera...
Tid til å vere mykje ilag både ute og inne, med og utan eldre hundar...
Tid for å sei hade og starte sine nye og virkelige liv...
Fin tid og herlig kose med valper og ikkje minst liv i stua...
 Sosialisering på forskjellige sjukeheimar...
Viktig sosialisering i leik med barn...

Mange av dåkke er langt unna, nåkken har eg betre kontakt med enn andre, men for meg er dåkke alle unik og skulle gjerne gitt alle ein klem...men, det får bli ein ekstra på dei som eg ser ofte (stakkars folk asså!)...
Ha ein herlig kveld!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...