torsdag 9. juni 2016

Må vite!!...

...Jepp, no må eg både vite og snart bestemme meg for kven vi skal ha og kven som skal kor ;)
Heldigvis har det vore til litt forskjellige folk, så då håpa eg å treffe rett. 
Det er godt når vapekjøperane kjem med "ønske" og det gjer arbeidet mitt lettare...men denne gangen har det vore litt vanskelig å velje.

Yoda skulle vi nok alle likt å ha her heime!!...Ein storsjarmør og herlig fyr som tek kontakt heile tida (er vel ikkje så rart sidan Tim Are har gått rundt med han sidan han var liten)...
Mr. Grey - one shade of Grey...Herlig tillitsfull og kan vere ute å snuse rundt, men kjem som eit prosjektil når eg ropa på han. I kveld var han så ivrig at han nesten logra seg i senk. Herlig vesen som virkelig har ein avknapp!
 Frk. Grøn som har hatt eit sesielt forhald til meg heile tida...frå ho låg ilag med meg til no når ho berre sitte å skua over gjengen. Kjenne eg har ein liten knapp på ho. 
Frk. Gul/Krem har ikkje hatt nåkken speiel framtreden, men ho har vore her og vist seg fram på sin måte...ein liten outsider her ;)
 Frk. Lilla har gått "på linje" med raud og har eit heilt herlig vesen og egentleg vore ein av ine favorittar!!...
Men, er nok også den som er den roligste samtidig som ho elska å bere, tok litt tid før eg slo meg med ro til tanken at ho her kanskje skal få reise til Drammen. 
Frk. Oransj fekk kun tre kommentar på blokka mi; uredd, kul og fin!! I tillegg til at skrangle etc. skal utforskes så går ho rundt å bere å ting. Opp i Mo i Rana skal dei bruke hunden i praktisk jakt og det kan sjå ut til at ho kan passe fint til dei!!
Frk. Raud har eg prøvd å la vere å sjå på då vi hadde besøk frå Brumunddal som falt pladask for den Raude!!... ;) 
Miss Pink ho er jo berre skjønn da!!...og når eg har bestemd med (Katja heilt uenig) at ho ikkje skal vere igjen her......Tenke ho skal få reise til Lillehammer ;)
Her er ei til som er med på å gjere valet såååå vanskelig!!...Men no når eg har lagt inn bilda og tenkt meg om så har faktisk sju tisper blitt til tre og det er jo rette vegen ;)

Skal prøve å plassere dei tre siste i morra!!
God natt...
-Anja-



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin... Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med f...