fredag 16. september 2016

Jønshornet


I går gjorde eg noko eg ikkje trudde var mulig for meg...ja, både med tanke på kroppen men ikkje minst det at eg er så høgderedd!!...Meeeen, no kan eg altså sei Jønshornet/Ramoen!? "been there and done that!!" ;)
Her er litt tekst etc. men les meir om turen på ut.no 
Eg har tidligare sagt at eg ikkje skulle opp dit når eg høyre folk fortelle frå turen, men når du sit å nyte fjella kring Hjørundfjorden på verandan så blir lysta så innmari stor!! Har du lyst har du lov og då går det veffal an å prøve om ikkje anna. Men, mamma sei alltid "du, du stoppe og snu? Ja då må det vere nåkke ekstremt" og ho har så rett!!...
Vi planla tur etter medlingane, men kl. 06.38 tikka første melding inn "Tror ikke det blir Jønshornet idag. For usikkert med været. Skodde der no og grått ute?" Eg svarte berre Neeeeeei...

Eg ville så på ein tur og vi kom til at vi tek Rametinden først så ser vi an om vi prøva oss vidare. I og med vi hadde lyst å prøve nå målet så sat vi igjen alle firbeinte heime. 
Kjem ut av bilen og begynne å gå...ein av mine dårligere daga og kjente at ryggen verka innmarig og det vart sendt støt i heile høgrefoten! For å sei det enkelt det skal mykje mobiliserng til for å halde hovudet oppe. Tenke som vanleg at eg går meg til...då hadde det vore fint om ein slapp å gå så lenge i tett skog før ein kan nyte den fantastiske utsikta. Men alt går og ein må berre passe på at trykket i hvudet ikkje blir for stort etter å bite tenna/kjeven saman ;)
Det draup godt av trea i skogen, det var skodde, skye og småsur vind i det vi går frå Vollane og oppover mot Breidaksla og til tppen av Ramtiden. (Vel å merke de treng ikkje gå heilt til toppen av Rametiden då dette er ein del lengre, og så må du ned igjen før du kan gå mot Jønshornet)...
Lettaste partiet på veg oppover...Ser Svinetid til venstre og Rametinden til høgre... 
 Mamsen speida oppover...skal tru om vi når målet i dag!?...
 Toppen på Rametiden 1198 moh er nådd med Jønshornet til høgre i det bildet til venstre... Bildet til høgre vise Svinetinden til høgre i 
bildet og "kollen" bak tinderekka er Romestrandhornet/Festøykollen...og på andre sida av fjorden bak Festøykollen er Sunde ;)
 Vi har det utrulig artig på tur og når kroppen streika litt meir må vi leite fram enda meir tull og fjas...Åsså vise utad kor steike fin form vi er i JIPPI!! :)))
 Klart vi har lyst opp dit!!...
 Sjølvfi på Rametinden...ingen planlagt possering asså, men mamma peika opp på Jønshornet og eg berre ser opp og lure på korleis vi skal få det til ;)
Jepp, kom an vi går!!...To steike galne kjerringer på tur!! Har sagt det før og gjentek det igjen - "fjols til fjells" det er vi ;)
Då vi stod på Rametiden såg vi to kara (både hyggelige og hjelpsame i det vi skulle ned ein litt ugunstig plass var det fram med handa og hjelp!! Tusen takk!!) som passerte under oss på veg bort til stigninga opp til Jønshornet. Mamma meinte vi skulle hive oss på og følge dei etter råsa. Oppi renna spør ho "ser du dei?" eg berre rista på hovudet "nope, mamma dei er heilt sikkert skikkelige fjellfolk...og vi berre leika som!" :)) Det kjem sjølvsagt innimellom alle plassane det plutselig gjekk rett ned!
 Her er vi nede frå Rametiden og på veg bortover...
 Ser mamma i bildet...ofte er det slik at eg blir ståande litt for lenge og får skikkelig opp pulsen på veg for å ta ho igjen...
 Steik kor sprek ho er!!..Verdens beste mamma og besta - tenk at ho blir 60 år i desember!! ♥♥♥
 Flotta da!!..så ser vi heim akkurat over toppen på Svinetinden...
 Der oppe er toppen!!...
 Berre siste stykket igjen før toppen...

JØNSHORNET eller RAMOEN som den heite på 1419 MOH asså TOPPEN ER NÅDD og det er berre heilt FANTASTISK!!!...Eg stod først berre i holet og turde meg ikkje heilt oppå før litt overtaling ;) Å eg såg ei så syyyyyk utsikt, men eg huska ikkje heilt kva eg tok bilde av der oppe g var glad det var nåkken bilde slik eg kunne få sjå dei med beina planta i normal høgde. 
 Då blei det tur hit og eg drøyme ikkje!!...no ser eg heim ♥♥♥
 Steike syns vi er litt tøff eg!!...
Tusen takk for nok eit fantastisk turmål og ein herlig turven.
Tenke seg til at det letta sopass og at vi fekk sol på toppen!
 Mamma på veg ned igjen gjennom holet !!
 Kan du fatte, skjønne og begripe at folk klatra her!?...
Mamma ropa opp og lure på kvar eg blir av...måtte berre ha meg eit minutt eller to for å nyte det før eg gjekk ned...sjølvsagt for å ta litt bilde ;)
Her ser de folk oppe på toppen...dei kom opp frå Molladalen.
 Vilt ♥ vakkert ♥ spektakulært ♥
 Haren sprang så fort at eg fikk berre med meg rumpa på den ;)
Snaaaaart nede igjen og det blir steike godt!! ;)

Tusen takk for ein fantastisk flott tur!!
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...