torsdag 31. august 2017

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?
 
I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedleverandør og ein av dei største leverandørane på blomster i Norge no skal ha ei kontrollert avvikling!! Tenk at gamle Gartnerhallen eller Primaflor no skal legge ned!...
Om dei hadde konsentrert seg om faghandelen og tatt vare på dei ville det same skjedd då skal tru?? Det er ikkje alltid slik at størst omsetning er bra, men det handla sjølvsagt om kvalitet famfor kvantitet til kundane...Eg skal ikkje synse så mykje akkurat her men eg har sjølvsagt mine tankar etter å ha sett forskjellig gjennom nokre år.
 

For nokre år tilbake vart eg irritert og provosert då eg oppdaga at Primaflor som eg hadde som hovedleverandør av blomster også begynte å levere til daglegvarehandelen. Dei prøvde nok å halde det for seg sjølv, men det var ikkje lett og etterkvart auka også dei leveringane og det var umulig å ikkje sjå. Eg fekk til svar at dei måtte følge kva konkurrentane sine gjorde for at dei også skulle stå i konkurransen. Eg sa at dei heller kunne gå ut å gi oss som faghandel betre villkår på større innkjøp slik at vi igjen kunne selge mengde rimligare ut til forbrukarane og vi igjen kunne halde på kundane istanden for sluket i matbutikken. Det var det sjølvsagt lite forståing for og dei begrunna det med at kvaliteten vi fikk var sjølvsagt betre...Men, slutta ikkje å provosere eg og når du som driva gjer alt for at kvaliteten eg sel skal vere bra og vi passa på varene så godt som råd, og vi etter eit par daga oppdaga at kvaliteten ikkje er bra nok så må vi krige for å få kreditering og stort sett så gjekk det ikkje vår veg. Når vi då veit at hjå naboen står blomstrane utan tilsyn, ein del selgast og anna står å tørka ut til neste gang blomsterbilen kjem, og då får dei store matvarekjedane kredittert det som er "dårlig" eller ikkje solgt og nytt påfyll av friske blomster!!!...DU kan vel ikkje sei at du ikkje blir litt "provosert" over slikt!??

Eg kjenne at hjartet mitt blør for faghandelen og kva vil skje den dagen det ikkje lenger er mulig å drive blomsterbutikk? Kvar skal vi få det lille ekstra, det unike og det personlege??  Kvar skal vi få bestille brllaupsbinderi og ikkje minst kvar skal vi få bestille binderi til gravferd?? 
Nei eg håpa at vi som forbrukarar snart klare å opne augene skikkelig å slutta å kjøpe blomster samtidig som vi kjøpe matvare...ver så snill å spander nokre få minutt ekstra på helgehandel og stikk innom ein blomsterbutikk!! Det er no kun opp til deg og meg for slutta vi å kjøpe det på feil plass så vil faghandelen som vi absolutt er avhengig av overleve!...
Er ikkje akkurat fotogen for tida, men då er det fint med filter på snapchat ;) Ein gang blomsterjente alltid blomster...

Litt av ein samanheng at sist eg skreiv bekymrande ord ang faghandelen så var det då eg fortsatt var så heldig å kunne drive butikk men låg innlagt på Ullevål etter den siste ryggoperasjonen, og denne gang har eg også nett vore innlagt på Ullevål...
Jaja samanheng eller ei så virka det som om at utviklinga i blomsterbransjen er like uheldig som eg har vore i hegende på legar!...
Sjå deg rundt neste gang du berre skal ha deg ein kvast i vasen på bordet eller ein fargeklatt på benken - det er sikkert ikkje så langt til næraste blomsterbutikk ♥♥♥
Trur det er mange som treng ei god skulder...
Klem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

17. Mai 2018...

...Så er igjen ein strålande 17. Mai over og nok ein gang kom den på same tid i år ;) Det har vore ein fantastisk fin dag ❤️ Den starta t...