søndag 6. august 2017

Hundedritt vs mannskjit!!?...

Eg har lenge vore "frustrert" over all praten og skriveri ang hundedritt, og ja like irritert på alle som klaga og nesten tek oss alle under ein kam som dei udugelige hundeeigarane som ALDRI klare å ta opp dritten etter hunden sin!!
Samtidig vert eg fortvilt når eg går i fjellet og mannskjiten ligg openlyst, er det betre meina de??? Dei som mellom anna diskutera på turside har muligens lagt i telt og gjort sitt fornødne i naturen, kva gjer de med det? Tek du med hundepose og drite i den? Eller er du ein av dei som set deg godt inn til ein stein for god støtte, drite, tørka deg og berre går der ifrå??
Det første du børe gjer er veffal å grave ei grop og legge over når de reise!!...
Det var ikkje gjort siste helga i august eit år då er det stor utfart til Molladalen og driten ligg bak kvar ein stein slik at dei som går/gjekk inn til vatnet for å kose seg der omtrent må sitte oppi møkka!! Eg må sei at dyreavføring faktisk er litt meir naurlig "å gå på" enn ein kammar til ein av dei som driv å klatra oppi fjella!!
Sist tirsdag vart eg også litt "frustrert" då eg gjekk å plukka litt blåbær og spiste, og midt i eine tua "gjekk eg på" kammarpapiret!! Om det er barn eller vaksne spilla ingen rolle for de kan gå unna bærlyngen og igjen er det greit å kaste papiret?
Fredag kveld gjekk eg og mamsen oss på eit telt på fjellet her oppe og det var jo kult det asså, men like nedfor så ligg det ein del pair - no skal eg ikkje sei at det er dei som telta som hadde gjort frå seg der, men kvelden før var der ingen ting...om det var dei så håpe eg dei veffal tok det med heim/grov det ned når dei pakka saman ;)
 
Gjekk ikkje heilt bort til, men tydelig at dette er papir etter "toalettbesøk"...
Eg er på ingen måte skinnhellig, men er der muligheit for å få fra seg posen ed dritt før eg skal vidare til Eltrane og Varden plukka eg sjølvsagt opp sjølv om det er i grøfta på fjellet...

Kvifor er det slik at ein kvar diskusjon på sosiale medier så omhandla det negativt om hund!? 
Eg begripe det berre ikkje!!.......I tillegg til at eg meina hund skal få meir positiv omtale rundt om så syns eg vi heller skulle lagt meir til rette for hundeigera. For veit de alle for ei fantastisk resurs mange av dei er!??? 
- Hjelp- og terapihund er noko vi alle faktisk kunne hatt nytte av eller nokon som står oss nære! For meg og mange andre er faktisk det å ha ein hund i livet akkurat det TERAPI!
- Førarhund
- Redningshund ja ganske så mange av dei som kanskje slenge dritt om hund ein dag vil sette stor pris på at akkurat ein hund finn han inne i eit skred!?
- Politi, her er det mellom anna snakk om forskjellig arbeid som bekjempa kriminalitet.
- Tollhund som nyttast for å få avdekke ulovligheter folk smugla inn i landet.
- Forsvar
- Ettersøkshund, det er vel ganske så mange jegera rundt om og har de ikkje kontrakt med ettersøkshund så får de heller ikkje skyte. Samtidig er du så uheldig å kjøre på eit dyr så er det ofte ein hund som kjem til staden for å finne dyret og få det avliva.
- Det er også no på full fart inn å bruke hund i søk etter veggdyr slik at du trygt kan legge deg i ei hotellseng utan å få svineriet med heim. 
- Spesialsøk går mulig det over inn i, men her er det også snakk om at hunda kan påvise sjukdommar.
Å det var litt av det eg kom på i farta!!...i tillegg er det vel noko av det beste ein kan tilføre ein familie!
Når vi no ser kva nytte hundane kan gjer kvifor skal vi lage det så vanskelig å ha hund og ikkje minst så mykje negativt rundt det!?
Det siste eg leste litt om å måtte berre stoppe då det fikk for mykje innverknad på min mentale tilstand ;) Ja, eg vart rett forbanna på korleis folk kan uttale seg!! var det å ikkje kunne ha med seg hund i fjellet pga at andre kan vere redd!!! Hjelpes vi har vel ikkje hund for andre sin del?? Vi har hund for oss sjølve og kvifor skal ikkje vi få gå i fjellet med våre kjære firbeinte??? 
Å ja eg tek omsyn til dei som går i fjellet 2 ganga i løpet av mine 22 år som hundeeigar av ein del hunda har dei hilst på folk "utan lov" og det er brent inn i meg fo eg lika ikkje å ha feila slik!! eg tek hunden(ane) heilt inn til meg og vil eigentleg ikkje at dei skal hilse så masse. Ein kveld denne veka traff eg også nokon hyggelige folk på veg ned, men "problemet" var sat de stakk fram handa i det dei var forbi og den unge hunden ville veldig gjerne hilse meir, og det skape egentlig ein "stressituasjon" for dei som ikkje får hilse før eg sei versågod. Så neste gang stopp opp og hils skikkelig er du snill ;) 
No skal det også seiast at eg er ein av dei som set hunden igjen når eg går dei mest utsatte plassane, og det er ikkje fordi hundane ikkje makta, men fordi eg har så sykt høgdeskrekk og blir så redd for hundane på kanten.
Men, for dei som klare det skulle det vel berre mangle om dei ikkje fekk ta den med!!
Snart på tide vi får litt positive og gode innslag om hund i media, men då må for all del dei som skal lage det går etter seriøse oppdrettera/hundefolk!...

Eg har lenge sagt at i tillegg til valpekkurs så burde ein hatt kurs i kva det vil sei å ha hund, og ikkje minst handtering av den. I samme slengen kan eg nemne at det skulle vere obligatorisk å hatt nokre tima i løpet av skuleåret om korleis vi oppføre oss rundt dyr generelt og tek vare på og oppføre oss i naturen!...

Så neste gang du som hundeeigar er på tur så for helsikke sjå til å ta opp møkka etter hunden din!! Neste gang eg ser deg rundt i bygda eller oppe ved idrettsplassen så kjem eg til å vere lite nådig, om du er ung eller eldre gubbe gir eg blaffen i!!...Eg har sett fleire og det er dei samme som går igjen gang etter gang!
Men, eg skal innrømme at skikkelig rennedreta ikkje er lett å ta meg seg "heim", men det er ikkje så lett å vite at hunden er litt uggen i magen...
Eg innrømme glatt at eg ikkje tek med møkk ute i "høgfjellet" men eg passa på at all avføring ligg godt vekk frå stien og om den kjem litt næære så tek eg den vekk derifrå...
Så neste gang du hyle ut tenk deg godt om...for det er faktisk ein del av oss som gjer så godt vi kan og føle litt på all kritikken som kjem!...
Å det samme veit eg gjelde for fjell/turfolk som drite ute ;))

Eg vil sei det er like lite kjekt å møte på dritt uansett kva slags det er...ja til og med skikkelige drittfolk er det lite kjekt å møte ;))) 

Så husk no da at neste gang du skal slenge med leppa til oss hundeigera så tenk deg om ein gang til veffal på formuleringa ;) 
Ha ein dritfin kveld!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...