onsdag 30. august 2017

Kvar sin kamp...

...Jepp det er slik hjå alle, ja for om vi vil eller ei så har alle saman kvar sin kamp dei kjempa - positivt, negativt, ønskelig eller uønskelig det meste vi kjempa med og imot er ein kamp.
Eg har dei seinare åra hatt nokre kampa å kjempe og ingen av dei som har tynga mest har vore ønskelig, og det er både tungt og tøft!! Men, når det er sagt så har eg tatt valet med å stå i kampen og kjempa kvar ein dag...innimellom men jaggu ikkje ofte er det fristande å berre gi dei opp, men bakdelen er at eg ikkje berre kan velje ein ny kamp!. Eg skulle så gjerne ønskt at eg kunne velje og at ein ny kamp kunne vere både kjekk og kul å leve. Men så enkelt er det ikkje for meg og mange andre at vi kan velje våre kampa, for vi har vore uheldig på vår veg i livet å hamna oppi feil kamp...

Når eg veit kor tøft slike kampa med liv og helse er så kan eg berre ikkje skjønne dei som laga seg mål og kampa om å vere rett stygg med andre!!...Er det nokon som kan svara meg på kva glede det er å sjå at andre for det vondt eller berre for å forpure tilværelsen for andre folk!??
Eg har ikkje skjønt det og mulig er dette noko eg ikkje vil bli klok på, men når vi alle ser kor mykje faenskap som røre seg "der ute" har eg enda vanskeligere for å forstå at folk kan vere så jævlig og spesielt med den som står eller har stått deg nær..........
Eg har alltid sagt at vi skal velje våre kampa, men alle kan ein beklageligvis ikkje velje vekk, men eg ønska at alle veffal kan få stå i ein god kamp som tilføre god energi ein gang imellom...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...