søndag 15. oktober 2017

Er du den rette!?...

Her er halvsøstrene frå Nora sitt første og andre kull...

Vi ser oss om etter ein fôrvert til ei herlig flattispe på 1 1/2 år!...
Du må vere heilt klar på at det er "din" hund heile livet og du må halde til rundt om på Sunnmøre (eventuelt lenger vekk men då med særleg god kontakt). Veldig viktig for oss at hunden får kome til ein heim der den blir godt tatt vare på og at de kan samarbeide med oss.
Det er sjølvsagt fordela og bakdela med å ta ein unghund i hus, men for ein del som ikkje er så glad i utfordringane med ein valp er det absolutt ein fin hund å overta...


Litt frå då ho var valp...

Ho har vore stilt nåkken ganga (uferdig og med dårlig pels) med gode resultat!! I ei stor juniorklasse på NKK i Oslo vart ho nummer 2 ein plass bak Cruftskvalifisering...
Vi har så mange flotte tilbakemeldingar frå heile kullet ho er ifrå!! Ein del av dei har vi sett igjen fleire ganga og andre har sendt meldingar og ringt til oss.
Vi er så fornøgd med dette kullet av vi skal gjer opp igjen ein liknande kombinasjon no i vinter med halvsøster til og onkelen til dette kullet...


Om du bor i umiddelbar nærheit så har vi stort sett sosialtrening 1 gang i veka for KvasnesetHundar for dei som har tid og lyst til det.
Kan det vere av interesse for deg så ta gjerne kontakt med oss - Anja på 90018619 eller på anja@kvasneset.com
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

17. Mai 2018...

...Så er igjen ein strålande 17. Mai over og nok ein gang kom den på same tid i år ;) Det har vore ein fantastisk fin dag ❤️ Den starta t...