tirsdag 31. oktober 2017

Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid drøyme om, men etter den uheldige hendinga i sommar har det tatt tid å kome seg...Fjella er her neste år også, så det er lov å drøyme vidare...
Men vi kom oss på i høgda i haustferien!...
Har lufta det eit par ganga at eg vil ta turen opp på dette fjellet, Sølvi og Jarle har vore der mange ganga og dei har sagt eg måtte slå meg med. To siste åra har det ikkje klaffa slik og med dårlig vêr i fjor så håpte eg at vi kunne få ein dag med opplett og noko lunde sikt i haustferien.
Vi sjekka vêrmeldingane og såg ut til å bli ein fin søndag og mandag...så mandag pakka vi på bil og hengar med hundar, klede, mat og drikke, ja og sjølvsagt oss tobeinte med godt humør.
Eg må berre begynne med å vise litt av utsikta...så kjem det maaange bilde av den, dei firbeinte og sjølvsagt oss tobeinte ;) 

Vi starta tidlig frå hytta med frost i marka og strålande sol frå skyfri himmel!...

Ein "lang" kjøretur på bikka to tima så barna fekk sove litt til. 
Å veret ville virkelig vise seg frå si beste side!! Etter stjernekla frostnatt, var det strålande sol og nesten ikkje ei sky på himmelen. 
Starten på turen og vi skimta toppen langt der framme...

Vi fekk parkert bil og henger klare til å få firbeinte og ransla ut av bilen...Å herreminhatt for eit sirkus når kjerringa skal på tur!!...Som regel er det meg og nokre hunda og ingen folk rundt, her var det kaos frå første steg ut av bilen. Timmen var eklast og fikk ansvaret for Blossi, så var det Katja som skulle ha Berta, mamma skulle halde Keesha medan eg fekk ut resten av ting og Bobby i handa, men du verden...Keesha satt i grøfta og leeeengta etter "mor" og så høre eg nåkke panisk snakking frå Timmen og ein Blossi som ikkje ville forstå, ser guten løfta armane slik at bandet kjem lenger opp og prøva å få hunden frå seg medan han nekta...Så høre eg fortvilt "ta å kutt ut!! Han pissa på meg!" :))) Tenke Blossi var heilt klar på at "den guten der, han er min".
Omsider kom vi oss avgårde og turen kunne starte...veldig fint å gå og ein overkommelig tur for dei fleste og det skjønte vi når vi til tide gjekk i kø. skjønna liksom ikkje kvifor det ALLTID skal vere vi med hund som skal ta hensyn!? Folk berre gjekk på og viste lita forsåing for at vi hadde hunda med. 
På toppen nådde eg metninga mi då folk stilte seg midt i vegen og små hunda i lange band som resulterte i at vi måtte "kvele hundane inntil" oss og resultatet var ei fin lita spypøyte oppå "taket". Oppe der hørte vi mange lure på kva dette var og neste så det var uforståelig for vaksne at ein hund kunne spy!...Men jaggu er det ein del folk som ikkje tenke, jau vi skal ta hensyn, men litt tilbake hadde vore fint ;)
Men, det tok ikkje turgleda frå oss sjølv om det var det som gjorde meg mest svett :)) Sat oss ned og fikk kost oss litt før nedturen...eller sat eg? det var i så fall tun for eit par minutt, og slik må det bli elles vil kroppen stivne og det blir tregt å sveive igang igjen.

Så vi satt oss ned med kaoset våra å fikk i oss både vått og tørt.
Mamma var så snill å ta bana ilag med barna og to av hundane ned...istaden for å stå å vente å meg og Sølvi kom dei gåande tilbake til parkeringsplassen.
Enda kjekkere nedover med lite folk (sikkert ein del som tok bana ned) og vi kunne gå i eige tempo...barna og mamma gjekk ca tre kilometer opp igjen for å kome til parkeringa. Eg og Sølvi gjekk  såg ned å fulgte med på kvar dei var. 
Heimover kjøte vi via Rjukan og til Bolkesjø der Jarle og King venta med varm hytta og deilig suppe! :)
Timmen så flink med Blossi oppover, ja og han tok han også med ned på bana...
Hit men ikkje lenger...for Jarle og King då minsten er litt for liten til å gå heile den lange turen...
Oppe på taket såg vi så mykje at eg fekk ikkje med meg halvparten ;) 
 
Var visst nåkken frbeinte som også ville ha vaffel ;)
Eg for dagen med rosa hår!!...
 
Steik for nåkken kjekke dame eg får gleda av å vere på tur ilag med!! :)
 Eg sa eg hadde noko i sekken til både liten og stor!!...Sjokolade og øl akkurat det vi trengde ;)
Då vi stoppa på Lillehammer og fann ei pils det stod Gaustatoppen på måtte vi ha tre av den - ja å god var den også...
 
 Eg sat utrulig stor pris på turen...vakkert og med ei enorm utsikt!! Flott på ein heilt anna måte enn det vi er vande med, dette var virkelig vakkert, men det slår ikkje dei magiske og spektakulære fjella her heime...
 
Vi hadde ein super tur som visast på bildet her!...
Mi kjære mamma ofra seg for turen ned og tok bana ilag med Katja og Tim Are slik at det også vart prøvd...

Til venstre her er vi straks nede ved parkeringa og det til høgre er vi kome til Bolkesjø og kan skimte Gaustatoppen til høgre i bildet...

Herlighet mykje latter og kaos med så mykje folk rundt oss, men steike for ein fin tur!!
Gler meg allereie til neste tur eg finn rundt om i landet...så har du ein å anbefale så hyl ut :)
Ha ein kaotisk morsom dag!!

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

17. Mai 2018...

...Så er igjen ein strålande 17. Mai over og nok ein gang kom den på same tid i år ;) Det har vore ein fantastisk fin dag ❤️ Den starta t...