mandag 16. oktober 2017

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal og gretten asså eg har berre ikkje behov for å ha ein spesiell dag der eg skal kle meg ut å spise digg og dagg...
Korleis ser ho eigentleg ut både med og utan maske!?...ein ting er veffal sikkert og det er at ho likna eit lappeteppe!...

Eg såg akkurat TV2-nyhetene og der tok dei opp utkledning, krenking og det at vi kanskje er litt hårsår. Ja kanskje er det noko i det og eg ser litt begge side spesielt med tanke på urbefolkning...skulle eg kledd meg ut så hadde det faktisk mulig blitt indianer, men det er meir for eg beundra og respektere dei
Mulig eg skal ta av meg maska på Halloween i år så skal de alle få sjå mitt sanne meg!! Trur ikkje nokon vil det...men eg trur det no er bestemd, maska skal av og eg skal vise meg som den krøplingen eg er. Kjeme kanskje til å skremme livet av barna som kjem på døra, men ein ting er sikkert og det er at krøplingane ikkje kan føle seg krenkande for eg vise meg berre som det legane har gjort meg til!!...
Det er heller dei "normale" som skal føle seg krenkande resten av året for at eg er ein parodi av dei 😂😂😂
Skal ikkje sjå vekk ifrå at sjølv om eg får "maskefall" så er faren stor for at eg blir ikledd noko rosa og svart!...

Ha ein skremmande kveld 🍁😎
Klem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...