tirsdag 2. oktober 2012

Floriade Venlo - Nederland 2012!!

Floriade er ein unik opplevelse og blir arrangert kvart 10. år i Nederland. 
Bli ein del av teatret i naturen, der du vil oppleve med alle sansar fordi du skal spille hovudrolla saman med naturen. Du kan lære om naturen og finne ut akkurat kor viktig blomster, planter og tre er i våre daglige liv. Der du kan lytte til vakker musikk, nyte eit avslappande øyeblikk med spennande lukter…
Uansett kor en går oppdagar ein nåkke nytt…nye former, farger, lukter, nye «skapningar» og nye vriar på korleis vi kan sette saman ting...for andre var det også greitt å finne ein ny bar rundt neste sving ;)  
Det å kunne gå å sjå, føle og nyte ein heil dag var fascinerande, det var nesten som å vere eit lite barn å få julaftan og nyttårsaftan på ein gang!! Det var verkeleg spektakulært og samtidig avslappande, ikkje minst følte eg «vi» har fått litt meir lærdom både for plantar, blomster og ikkje minst litt påfyll for faget vårt...

CNN - World`s Top Destinations for 2012
«This is a once in a decade flower show so it's even more spectacular than Keukenhof, and Keukenhof is already amazing.»


Parken
Floriade Park dekker 66 hektar og omfattar fem unike tema-verdena avskilt av skogs områder. Vi starta med ein tur innom ein japansk hage så tok vi gondolbana som gjekk tvers gjennom parken, det var ein fin måte å orientere seg på kvar dei forskjellege verdenane var…
Kvar verden har si eiga inn redning, program og aktivitetar - der du vil sjå, føle og oppleve naturen på ein heilt anna måte kvar gang.

Eg har no plukka ut ein del bilde frå parken som eg vil dele med dåkke…Håper du vil møte oss på denne turen i form av bilde, av vakre ting og herlige fargar ;)

Håper du hadde ei fin "reise" - eg lova å komme tilbake snart med fleire bilde frå turen og då vil det veffal komme litt bilde av orkidear og ikkje minst flotte georginer ♥

Klem -Anja-

torsdag 27. september 2012

Tur til Nederland

Onsdag morgon retta vi (eg og min kjære mann) nasen mot Vigra…vi var ute i god tid, ja det var heilt til vi kom på Eidsneset og hadde glømt nåkken tablettar – då hadde vi plutselig svinaktig dårlig tid ;-) 
Men med god margin (3. minutt – nok det!) fekk vi sjekka inn, levert bagasjen, parkert bilen og inn i køa på sikkerhetssjekken…Eigentleg ganske så greitt då å berre gå rett på flyet (etter ei obligatorisk kroppsvisitering av meg!!)…
På Gardermoen var vi sjølvsagt dei siste om bord i flyet og igjen godt å sleppe å vente ;)

Vi hadde heile dagen når vi kom til Amsterdam etter bussturen enda vi opp med handling av plantar hos Waterdrinker…her var det masse å sjå!! Vi fylte opp ein «container» med blomster og var fornøgd med det!
Heile Amsterdam er fylt til randen med syklar, gubben meina han skal starte sykkelhjelmsjappe og tene grovt med peng…I gatene måtte en passe seg for T-banen, bilane og syklistane – dei sist nemnde var definitivt farlegast!!

Onsdag kveld blei det koselig middag med cruise på Amsterdams kanalar…
Diverse bilde tatt under turen på kanalane, det starta i dagslys og blei avslutta i mørket…


Torsdag blei det tur til Hilverda som er ein av Nederlands tre største eksportørar av snittblomster – dei levera til Europa, Nord-Amerika, Østen og Midtøsten…
Her var vi inne i ein enorm hall der Tom blei imponert over logistikken ;)  Eg var imponert over mengder med fantastiske blomster ♥
Denne fantastiske fylte lilja skulla eg sjølvsagt hatt i butikken…

Etter blomsterglede på Hilverda gjekk turen vidare til ein leverandør som hadde tilbehør til blomster, gaver, små interiør etc. I og med det var masse av det same som vi har i butikken og ein del av det som kjem inn i løpet av hausten var det ikkje nåkke vi hadde behov for å handle…………………………………….eeeee bortsett frå nåkke som eg meinte vi kunne ha bruk for – det skal eg love å komme tilbake til om ikkje så alt for lenge ;))
Vakkert ved inngangen...må sei eg likte den fargen her asså ;)

Vi var så heldig å bli kjent med eit herlig par frå Raufoss – veldig greitt å reise på tur med dei!! Laurdagen var det tid for å sjå litt meir av byen i dagslys ;) sjølvsagt skulle blomster Markedet (eller skal vi sei lauk Markedet) inspiserast…

Skjønne vakre små cyclamen eller alpefiol som mange kallar den…som Merethe sa at knollen var meir som små kuruker ;))
Søndag var det litt venting på flyplassen med litt drikke og nåkke godt attåt…

Vi måtte vente i ein time om bord før det kunne lette – så då vi kom på Gardermoen blei det ein lang springetur og tollfolka måtte tru vi var steike galne der vi fauk forbi ;)


Her var nåkken bilder frå turen, og det kjem nok fleire bilder (kanskje i morra) frå Floriaden etc…Men, no tek eg natt ♥
Klem -Anja-



tirsdag 25. september 2012

Gubben 40 år!!...


Joda...her laga eg eit lite innlegg om min kjekke mann som blei 40 år 12. september - så var det ikkje komt ut eingong...
40 år blei han og det på eit roleg vis, middag og kake her i heimen med nærmaste familien ♥  På jobb hadde «Knutn» tatt med seg ei flott og god kake som han og madammen hadde laga!!

Det heilt store kalaset blei det ikkje denne gong, men kanskje vi tek det igjen en dag!??
Då han fylte 30 gjekk det like stille for seg med flytting og masse styr, så då blei det overraskelses fest når han fylte 32 så en veit aldri.


Happy overstått bursdag elskling!! ♥

Klem –Anja-

fredag 7. september 2012

Irja`s hage…

Vakker stilkrose som vi kjøpte to av...Det er mammas favoritt ♥
Eit lite bilde frå korleis det såg ut før vi begynte...

Først messetur til Lillestrøm, innkjøp rundt forbi over fjella til Bergen med leiketøymesse, konsert og ikkje minst «endelig» fått gjort litt med hagen til mi kjære søster og svoger…Det har vore ein plan sia dei flytta inn for tre år sida, men vi har alltid hatt andre ting å gjer når vi har vært i Bergen, tida var nok ikkje heilt rett denne gangen heller med dårleg rygg, men no hadde vi en søndag ledig og då var det berre å hoppe i det. 

Utan nåkke mål og meining for vi av garde for innkjøp av plantar ;) Vi kjøpte akkurat det vi likte, tenkte litt men hadde ingen aning om korleis det skulle bli til slutt!
Vakker mørke sedum...ein av mine favorittar der den står i eine hjørnet saman med mørk burgunder gras, ein lekker plante med burgunder blad etc...Så var det berre å begynne ej begynte med litt «lugging» av ugras og sjefa rundt kva dei skulle gjer.
Det satt 3 kjerringar i molda uten så masse å bygge av så vi måtte flytte litt jord og plutseleg poppa den eine steinen fram etter den andre…for å sei det slik, der var faktisk ikkje anna enn stein 5 cm under jorda…puh etter ein heil dag såg vi ut som nåkken skikkelige «moldbuera» og litt slitne men ganske så nøgde :)
Vakker sedum som eg trur er ein av Irja sine favorittar...
Husfolket virka nøgde og då er «Mission completd»
Sender ei stor bursdagshelsing til min kjære svoger som fyller dag i dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Klubbkveld...


Etter nåkken «over hopp» blei det klubbkveld her hos meg igjen…Planla ikkje store greiene, men når hauststormen susa rundt hushjørna er det godt med  suppe – valet blei då enkelt med ei "herlig" ostesuppe…

Den alltid så hjelpsame Katja var ute å klipte rognebær til meg så då måtte bordet pyntast litt, det er alltid koselig med friske blomster og masse lys i tillegg til rognebær og litt lotus blei det eit lite haustbord…

OPPSKRIFT OSTESUPPE
Kok opp 1 liter vatn med buljong:
1 kjøttbuljong
2 grønsaksbuljong

Rør inn osten:
2 naturell Tine kremost
1 krydder Tine kremost

Ha oppi ferdig stekt:
1 pk kjøttdeig
1 stk paprika
1 stk purreløk

* Server den gjerne med kvitløks bagettar eller liknande…

Til dessert blei det is som eg ofte brukar bjørnebær til, men i dag blei det lune blåbær og brownies…
Til slutt må eg takke for ein koseleg kveld - så blei det opprydding og litt småtussling, lufting av hunder etc. før mørket senka seg over heimen...Natta ♥

Ønsker dåkke ein koseleg kveld ♥♥♥
Klem -Anja-


La dette inn på Nib sine sider i og med utfordringer der denne mnd var "Inviter"...Ikkje er bilda tatt i dagslys etc. men bare la det ut i og med eg er på gang med blogginga igjen (håper eg)...

Sluttstreken er dregen

...den er i alle fall påbegynt med dette skrivet. Eg trudde eg hadde skrive det siste i denne lange saka, men eg blir faktisk så provosert n...