torsdag 21. mars 2013

Fin og kreativ kveld ♥

Åååååååå for ei fin avslutning på dagen!! Eg og Katja kjørte på butikken for å køyre ut blomsterleveringar, men mamsen som hadde seinvakt i dag tok seg av køyringa medan eg og jenta mi begynte å binde saman blomster ♥ Når mamma var tilbake var vi tre generasjonar som stod ved arbeidsbenken å jobba! ♥
Besta og Katja konsentrerar seg og let kreativiteten blomstre...

Ikkje berre er blomstrane vakre, dei duftar godt også...


Katja ville vere igjen etter stengetid å «jobbe» meir men eg hadde ikkje med meg nøklar, spilte ingen rolle når ein berre kan låne mamsen sine så kan ho plukke dei opp på veg til jobb i morra ;)
Skjønne skatten min under arbeid med sin for kvelden første dekorasjon  

Katja har fleire ganga laga dekorasjonar og bukettar ein av dei første gangane ho laga såg eg det ikkje før vi kom heim, for eg var så opptatt at ho fikk styre seg sjølv...
I dag ville ho gjerne lage dekorasjonar det fekk ho sjølvsagt så eg fortalde korleis ho skulle begynne og ho gjekk på med friskt mot. Eg er overraska kor flinke denne 
«lille» jenta mi er ♥ kan jo berre håpe og tru at det fins ein liten blomsterdekoratør i ho…

Kosa oss har vi gjort og at klokka blei litt meir enn vanleg når ho skal på skule i morra får så vere, ein gang i blant må ein berre nyte tida og det gjor vi absolutt i dag!!
Er ho ikkje flink vel!?? Ho har jobba godt med disse og enda en til laga ho, jobba godt og lenge med det grønne snitta blomstra på sin lille#rare#måte og resultata blei utrulig bra syns nå eg da!!...Mine første dekorasjonar var veffal ikkje så fin!! og ho er bare 9 år ♥ er vel ikkje så rart at det smeltar og gjer eit mammahjerte stolt 



Mange dekorasjonar og bukettar er klare for ny heim i morra ♥ stolt mamma...no skal eg berre nyte kvelden med ein kopp te og legge saman  klede ♥♥♥
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Svar
    1. Tusen takk for det og hilsen her Trine!! Ja, syns ho var såååå flink i går :)

      Slett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...