tirsdag 27. august 2013

Sorgbinderi ♥

 Dei to dyrbare skattane mine bære blomster til grava til bestefaren sin ♥♥♥
 
Det har gjennom tidene vore leveransar til mange gravferder…andre meir «merkbare» enn andre. Somme tider er det «tøft» å arbeide med det, men det gjer på same tid litt godt, eg gjer mitt aller beste for at arbeidet skal bli så godt som eg klarer og det skal få pryde kirka på ein fin måte.


Det er fleire begravelsar og arbeid som sitte godt i minne…det siste var til min kjære svigerfar for eit knappe par veker sidan. Det som var det finaste med arbeidet var at mi skjønne datter Katja laga alt på eit hjerte til bestefar og skreiv til og med sløyfa sjølv og alt av arbeid og skrift kom rett frå hjertet. Kanskje var det litt av henna sorgprosess det å få kunne lage dette til sin bestefar som har vore så nær ho heile livet...
 
Vil no vise litt bilder av arbeida og litt bilder frå dagen…
Sola skinner inn vindua og kirka er fylt med blomster i dei vakraste fargar...
 Her legger vi ned blomstrane...
 To små gutar har ei stille stund litt bortanfor grava...
 Vakkert var det ved grava på ettermiddagen/kvelden, var oppe å strødde kvitløk overblomstrane for å prøve å halde hjorten borte og satt ned lykt og lys...
 
Tim Are sine ord for nokre dagar sidan ♥ «Han bestefar var veldig glad i oss og det må vi aldri gløyme» ♥

Vakre fargar, blomster og barn…med det vil eg ønskjedåkke ein ferdelig kveld ♥♥♥
Klem -Anja-

3 kommentarer:

  1. Hei Anja.
    Så fine bilder fra begravelsen. Det var kloke ord sønnen din sa om sin bestefar.
    Han Harry han har jobbet sammen med din svigerfar i mange år da dem jobbet på E-verket.
    Mange hilsener fra Randi

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det Randi!!...
      Ja, han har mange gullkorn den guten og nåkken er berre så utrulig gode at du skulle ikkje tru han bere var 5 år...
      Ja, han var mange år i E-verket :)
      -Anja-

      Slett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin... Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med f...