onsdag 28. august 2013

I have a dream ♥

 Her i godstolen kan vi kose oss og drøyme oss vekk...
 
I have a dream...å dei små draumane mine er ikkje så store som før då ville eg liksom berre løfta øyenbryna til dei og sagt «er det nåkke å drøyme om da!?» Men vi alle har vårt og vi har vel alle våre små draumar eller??

Det er i dag 50 år sidan Martin Luther King jr. hadde sin berømte tale «I have a dream» og då er det ein fin dag å bruke den teksten… Kanskje kan vi tenke litt på den talen å sjå om vi har endra oss masse dei siste 50 åra!..
Vanskelig å forestille seg at det skal vere så masse urett rundt i verden, vanskelig også å tenke på at småting skal øydelegge folk, vennar og familie...

– Tidligare var det kanskje litt meir materialistiske draumar frå mi side, litt av det har eg enda for eg har ein liten draum om å finne huset som ligger fint og fredelig til, ein plass der eg kan få ro ilag med naturen…

Den største draumen som eg klamrar meg til kvar dag er å kunne bli bra, eller kanskje vanskelig å sette «så store krav» så då nøyer eg meg med draumar om å bli så bra som eg var før eg tok den første ryggoperasjonen…Då kunne eg gå i fjellet, styre med hus og heim utan å bli «utslått», ta meg av dei rundt med på ein fin måte, drive fult med hund og jobbe litt utan å bli «heilt tappa»…
Eg prøver å henge med så godt eg kan, tek ekstra smertestillande når eg skal nåkke og etterpå må eg finne meg i å måtte legge meg å nei du, D E T akkurat det finn eg meg ikkje i!!
Det viktigste er å prøve å sjå framover, håpe og drøyme om at en ein dag skal bli litt betre. Håp, tru og posivitet er viktig å ta med seg på vegen...

Hadde eit lite håp om flotte fjellturar no i haust, no må eg berre fortsette i det små og øve meg på å gå nedover, men dei store turane må eg nok utsetje til neste haust…men då vil eg gjerne ta opp igjen turane på dei forskjellige flotte fjell, dalane og toppane vi har her på Sunnmøre!! Ein tur eg og ho mor skulle ta var Slogen – den drøymer eg om…Så i mellomtida tek vi Slogen i hagen ;)

Du finn forskjellige slogen ale i butikken...Bildet var tatt ein varm junidag i hagen, så er det bilde frå verandaen til mamma og pappa der du ser Hurtigruta og inn i fjorden bak nokon fjell kjem du til Slogen...
 Dei fleste rundt meg veit kor eg slit med dei plagane eg har fådd, men «heldigvis» er det ikkje så lett for andre å sjå kor gale det er. Eg har det med å bruke «snakkeverktøyet» og latteren for å kamuflere det meste av og til skulla eg likt å holdt litt kjeft, men det er nok ikkje alltid så lett.
Har vist disse bilda på bloggen før...dette er noko eg ikkje skulle ha gjort, men dumt av meg å sei det no, så då er det berre å drøyme om å bli bedre og det skal eg jo bli!! :)))
Men akkurat no er det enklare å drøyme seg til ein «normal» kvardag!!...For det første skal vi forhåpentligvis selje butikken eller lokala den er i og etter eg bestemde meg for det, er det som om ei byrde letta seg for når du drive ein butikk og nesten ikkje har vore der på eit år, er det ikkje lett å henge med på verken det eine eller andre…
Har heile tida fortsatt planen om å bli «bra», så vi tek ein dag av gangen…
Det andre er nok heller inga nyheit, det at vi snusar på å flytte det er litt «vemodig» med tanke på huset og det at det er så fritt som det er her men likevel så sentralt, det ønske vi har om å vere rett i «naturen» og ha enda betre forhold til å ha dyr…nokon gard eller småbruk som Timmen vil ha er eg redd det ikkje blir, men tida vil vise.

…Eg har sjølvsagt fleire smådraumar som surrar, men alle er ikkje like lett å sette ord på…
Små draumar som om at eg kan drøyme meg vekk til hytta for ei veke eller
to til kos og avslapping ilag med familien, det er ikkje alltid så masse som skal til berre små gleder i kvardagen
fine og gode dagar med familien er små draumar i ein elles hektisk kvardag…

Her er vi ferdig vaska ut og låst på hytta...gleder meg til å kome tilbake og drøymer om fine dager!..
Det er viktig å ha draumar, men pass på at nokon av dei er realistiske og du ein gang kan få ta dei ned…det blir tungt om du skal gå å ha store og nesten uoppnåelige draumar små og enkle draumar er greit slik at du kan glede deg litt ekstra innimellom…

Ha ein draumande dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...