lørdag 24. august 2013

Solrik og blomstrande dag ♥

Det blei koselig, vakkert og velduftande...den lekre rosa «Lavender Dream» luktar like godt som den er vakker, i tillegg har vi lavendelen i tønna like ved...
 
Det var ein herlig og solrik dag i går…Tim Are var heime frå barnehagen fordi han hadde litt stygg hoste, vi var inne litt og foreløpig avslutta «prosjekt brannmur» og så måtte vi ut å nyte sola :)
Det er så deilig at sola endelig titta godt fram og vi kunne små pusle litt.
Vi kom heim frå Bergen siste søndag med bilen full av blomster, herlige roser og nydelige pelargonia frå mi kjære søster. No var det på tide å få litt stell på dei som har «blåst rundt» i vinden dei siste dagane!!...
I tillegg til blomster fikk eg den lekre krukka (håper inderleg du fikk tak i ei ny ei Irja!!) og den skulle ei vakker rose få plass i, ikkje mindre enn to sekkar med jord gjekk med og røtene får godt med plass.



Her er bilde før vi begynte, eit avkutta oliventre i eine krukka og massevis av plantar som vil bli satt på plass...Timmen flink å spyle fontena og litt rundt om ;) 
Litt vannkrig er kjekt og spesielt når storesøstra kom ut, då blei det vasking av teppe og litt spyling på kvarandre...
 
Tim Are meina vi må ha stooor blomsterhage, det er veldig viktig for at vi skal få det fint og koselig meina han ;)  Vi har jo den store skråninga på eine delen av hagen som har vore eit «mareritt» eg begynte så bra med å plante rododendronar der, men den er ikkje så lett å holde bra (i natt drøymde eg at det kom ein lastebil og dumpa massevis av masse der, blei fortvila for det blei jo berre meir uorden då! Skjønnar at eg grublar over dagens hendelsar når eg legge meg).
Eg og Timmen blei ferdig med prosjektet ved uthuset og det blei ekstra fint ved «hagestua/badestampen»
Tom og barna var på kvelden på besøk hos farmor ♥♥♥ Eg håper å få ta meg ein tur i morra då eg hostar og er forkjøla vil eg ikkje smitte ho, men når man er vandt med å vere i lag kvar dag savner eg ho når eg ikkje har sett ho på eit par dagar, ho som er så glad i blomster vil nok heilt sikkert like det vi har laga til utanfor døra henna når ho er tilbake...

Ei av dei vakraste rosene har no komt hit...Den er berre så fin og glad Irja fikk tak i den i Bergen, for eg har leita i Ålesund utan hell, trur den blei glad når eg endelig fikk den i jorda etter lang tid utanfor huset til «søstra mi!!»...

I dag skal vi først på Langevågsdagane og delta på sykkelløp, så blir det miniturnering på stadion her i Langevåg :)
Håper det går fint å reise frå Bajas som overhode ikkje er i form i dag, er så bekymra for han...Han har jo hoppa rundt på tre føtter i lang tid no, men over helga blir det sikkert amputering av ei tå, men i dag er det nåkke meir enn berre foten, måtte det gå fort over gromgutten vår ♥♥♥


Ha ein blomstrande og aktiv dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...