søndag 8. mars 2015

8. mars...

...kvinnedagen til å ære alle fantastiske kvinner der ute ❤️ Eg har nok mange i mine tanka, men mest av alt mi unike mamma som eg ser stort opp til!! Eller når eg tenke meg om i to sekund, rett skal vere rett og ettersom eg var så heldig å få nokre få centimeter ekstra så ser eg litt ned på ho med beundring og takknemlighet...
Sjølv har eg på denne dagen slept all kontroll og det er stort for ein kontrollfreak som meg!! Eg hedra kvinnedagen med å ha tatt meg fri frå heimen og sitte her i 7'ende etasje på eit hotellrom i hovedstaden med beina høgt, med P4 som underhaldning og myse mot Holmenkollen...
Grått i Oslobygda i dag så ser ikkje Holmenkollen i dag gitt...

...Jaaaaaa og de trudde at det her var perfekt for min kvinnedag!? Særlig... Nei eg er nok ikkje akkurat ei som går i tog, men ser på kvinnedagen og likestilling som svært viktig, sjølv om vi har kome langt i Norge har vi fortsatt ein del å sjå på enda også, men spesielt har vi mykje å sjå på rundt omkring i verda.

Eg er nå ærlig i denne "boka mi" og mest av alt skulle eg ønske eg no kunne sitte på badegulvet heime å sortere sure sokka, gensere og bukser for seg, fått på ei vaskemaskin medan eg henge opp ei anna og så gå inn på soffan der firkløveret kunne sløve medan vi såg ein film eller mor vil helst sjå litt skiskyting da ;) og ikkje minst ha eit par valpa på fanget for varme og kooooos ❤️ 
Fått gådd meg ein frisk tur ilag med mine firbeinte venner, sjølvsagt tatt med meg bæsjeposa og henta meir energi!!
Seinare ut på dagen kunne eg synke nedi soffan med mine kjære inkludert er då mine barn, mann, mi kjære søster og son, mamma og pappa og broren min for det er vi som er lettest og samlast...Etter ein god middag kunne vi kose oss med ein kopp god kaffi, ja kjenne eg sakna kaffimaskina også hahaha...

Når ting blir litt endra og savnet etter det heime er stort, ja så savna ein plutselig dei særaste ting som klevask og hundebæsj...
Herremin no skal eg vere den første til å innrømme at NO VIL EG HEIM!! Å du dæsken så eg savna dåkke ❤️❤️❤️

Gratulerer med dagen alle vakre, følsame, skjøre og sterke, til alle UNIKE kvinner der ute!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...