mandag 9. mars 2015

Heim i dag eller!?...

...På fredag spurte eg om det var mulighet for heim på mandag og det skulle dei høre med Mr. Sjef om og ei lita stund etter tikka flytida mi inn på telefon. Men, på fredag kveld og i løpet av helga har såret veska grønt og det blei plutselig litt usikkerhet igjen. Eg har for så vidt vore i fin for med smerte til å leve med, laurdagsnatta var fæl med kaldsvetting men det hjelpe tross alt å snu på dyna ;)
Trappa ned meir på langtidsvirkande i går og eg tek minimalt med hurtigvirkande, eg er vand med smerter og hata bivirkningar så då er valget lett...
Føle meg i veldig fin form, ja heilt til eg begynne å bevege meg då slår det meg at hovudet er kome "litt" lengre enn skrotten...Einaste som slår inn er at eg i eit augeblikk er greit varm og hutra og fryse i neste, men det er vel slikt som følge med..
Så no sitte eg her å ser ut på eit herlig vårvêr med blå himmel og gleda med stort til å kome heim!! Ja heim til alle mine kjære tobeinte ❤️❤️❤️ Kan vel ikkje sei anna enn at eg gleda meg til å sjå disse små på fire bein som sikkert har vokse nåkke enormt på to veker!!..
Eg har vore så heldig å få både bilde, video og snappa av barna og dei firbeinte...

Eg fekk besøk frå ei av disse koselige fysioterapeutane, og det første ho sa var at dei ikkje hadde gløymt meg, men det har vore kaos i helga...eg har vore så flink sjølv og har forståelse for kva eg skal gjere at dei ikkje kom før. Sa eg mest trulig skulle heim i dag og då smilte ho og håpte ho ikkje såg meg her seinare, ja takk det same sa eg!! :)

Som regel er det kjekt å vere på tur og ferie heimafrå og det er alltid godt å kome heim, men denne gang blir det ubeskrivelig godt å kome heim!! 
Visste ikkje kva som skulle få tida til å hå etter skiskytinga og kvelds klokka 18.00...Herremin det einaste eg har hatt å forhalde meg til er kor tid eg skal spise! To knekkebrød med kaviar, kvitost og paprika til frukost og kvelds, diverse til middag og funne ut at skinkesteik slettes ikkje er så værst likevel...Kakene og dessertane har eg stått over og heller tatt med litt frukt til rommet, men her ein dag vi fekk ein supergoe pai ;) 

I går gjekk det mykje i cruftssending og fekk med dei to flotte gruppefinalane og ikkje minst "Best in show" - då Anette Dyren og flatten "Dublin" blei res.BIS kom det eit hyl frå meg og tårer i øyne under dei minutta med sending!!...Hadde sikkert blitt litt flau om ein pleier hadde komt inn, og eg måtte sei at hylet/ropet kom av at eg såg på dogshow from Crufts på YouTube :)))
Kjennesegformidabel klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid...