mandag 30. mars 2015

Feels like I'm on top of the world

Herlig å kome seg litt opp...

Ja slik er følelsen fem veker etter eg sist gjekk rundt på Sunde...dog ei litt anna løype i dag! Fire og ei halv veke sidan operasjon og det er på tide å hente energi "i fjellet" eller bør eg sei av fjellet ;) 
Vi gjekk frå foreldra mine ut til gartneriet og opp Leirvågdalen, oppe i Sundsmyra skulle vi berre gå rundt den nye løypa, men eg måtte opp på knausen og skulle så ned Oddmundmarka - men den nedgangen gjekk vi forbi, og opp til sildasteinen så på toppen av nakkane. 
"Sky" på Sildasteinen...
Årresmeis - toppen av nakkane det blir jo nesten som ein topptur å rekne!!...Ned igjen i myra og heim igjen. 
Før eg, mamma og "Sky" gjekk denne turen så var vi fleire ute på tur nedi storhaugen ilag med alle fire hundane...
Det var veldig godt å sette seg i godstolen med ein kaffikopp. Etterkvart måtte vi heim igjen og litt stiv og støl i det det går tregt å kome seg opp av stolen.......så høre eg frå papsen "veit du kva Sveriges nasjonalsang heite" I det eg fortsatt ikkje har komt meg heilt på beina svara eg "Ja, du gamla du fria" det gjekk berre eit par sekund før eg skjønte kva han meinte :)))
Ja eg er vel meir som Sveriges nasjonalsang der eg virka steikgamal i skrotten, men samtidig fri - ja eg er virkelig fri når eg får gå i naturen, og vand med å bli litt dårligere etterpå er eg frå før...kan nesten ikkje huske korleis det var å fungere fint etter ein tur.
  
Herlig dag i fantastisk natur med skiftande vêr ❤️ Ligge fortsatt litt foran skjema og håpe det aldri sprekke... 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin... Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med f...