søndag 1. mars 2015

5 mils søndag i korridorane...

...Kan eg sei det slik at 5 mila kan gjerast på så mange måta, veffal kraftanstrengelse på lik linje...jadda sjølvsagt strekt litt utover dagen ;)
Meir som ein 90 åring å rekne på farta for tida, men eg overraska då eg kom ut av dusjen i dag for dei trudde ikkje det gjekk så fort, men eg slappa av i ein varm dusj eg og fekk til og med lotion på nesten heile skrotten etterpå.
Dei var ikkje ferdig å skifte på senga så det vart spising på dagligstua - steike godt med knekkebrød, kaviar og ost...sånn får eg tilfredsstilt eit eventuelt saltsug så det var min laurdagskos i går kveld etterfulgt av godt og blandet :)
Kjørte på med eit sett med øvelsa etter frukost då eg hadde handa slangefri...skulle sikkert hatt på igjen slangen før dagens første topptur, men herlig å gå utan "last" :)) Jaggu var det ingen som hadde klart å reidd opp enda sjølv kor lang tid dei hadde hatt på seg, men det er ingen krise og vil ikkje mase for slikt for det er jaggu nok av mas og syt på dei til tider...I senga igjen blir bandasje og hevelse sjekka og diskutert og dei lurte på kva legen sa i går? Hadde ikkje lege med meg i går..."å ikkje i dag heller, huff så dårlig service du får her!!" Dei skal sjå på det igjen litt seinare...har så lett for å få betennelse eg men så lenge det ikkje er det så er eg fornøgd ;) om nåkken skulle bli bekymra for det så har eg hatt fleire dosa med intravenøs antibiotika.
Klar for dagens tur i høgda og eg skimta toppen nesten i det fjerne...
Klart til innsats i det krevjande terrenget!!...
Det tek på både terrenget og høgda, spesielt når eg går på igjen etter å ha komt meg ned første gang...så nydusja, ferdig med høgdetrening og eit sett øvelsa kan eg innta ein kopp svart kaffi i "godstolen"...
Satt meg godt til rette og er klar for litt god underhaldning!!...

Fytterakkaren for ein mann!!!!....
Eg posisjonerte meg i dagligstua like før 5 mil start og der "krangla" eg meg gjennom to og ein halv time...spiste middag, gjor øvingar, bevegde meg, skifta kanyle etc. fikk gjort mykje samtidig som eg fekk med meg heile 5 mila!! Ååååååå dei skulle ha målt blodtrykket mitt eit par sekund der eg sat (halvliggande i stol og beinstøtte) aleine her å ropa!!! Shit eg ropa der det ligge sjuke folk i sengane!!....hihihi mange som brøle her og til heilt andre tider på døgnet så det her får dei berre ta som eit friskt pust :)))) å med slik underhaldning blir eg rett skrullete med tanke på kor eg er!! :))))) "Dei galne har det rett så godt!!"...
Kanyla på venstre handa leke då eg trykte på og måtte skiftast ut, ikkje særlig å få den på høgre handa men må ein så må ein... 
Godt arbeid utført og eg kan på nytt bruke pumpa ;) 
Så steike glad blir ein for god underhaldning og VM gull!!! Dei siste hundre meterne så klarte ikkje eg halde kjeft...men her har dei høyrt så lite frå meg anna enn fliring så litt må dei jaggu tåle...
Suverent!! Grei stol med pute tilpassa og fotskammel var det ingenting å sei på så lenge eg berre fekk sjå den 5 mila...

Medan eg er her har min kjære der heime fått seg ny og midlertidig kjæreste!!...han kan jo veffal i den første tida eg kjem heim kjøre "tospann" :) 
Ana ikkje kva ho heite men det er trulig ikkje særlig eksotisk...

Savna alle heime men tida går og snart er eg heime igjen...også dissa små valpane savna eg slik at det nesten er vondt å sjå valpebilder på Facebook ;) men kjeme jo snart heim til dei også...gleda meg til å trene ilag med min lille Bobby og med Katja og Keesha ❤️ Har fått ein del snappa av valpane og fått fleire bilder på melding...dei er ute på miljøtrening og venner har lånt dei med seg :)
Gammeltante "Nemi" og "Keesha" ❤️
Herlige lille jenta vår tek livet med ro på besøk med Janita og co... 
Katja hadde vennebursdag i går ilag med Emilie og det gjekk veldig bra! I dag har ho spelt to handballkampa med laget sitt og dei knuste begge motstanderane...mamma og Eirin og dei var i hallen å såg på medan Tim Are og Tom sysselsatte dei firbeinte. 

Senga kalla etter 5 mila og eg blei berre meir og meir uvel...kjente eg for første gang begynte å bli litt irritert!! Kanskje feil å bli irritert på pasienta men når du he krefter til å vrææææææle i tre daga/nettet så trur ikkje eg du har det så gale så det høres ut, du vil rett og slett "berre" ha oppmerksomhet (ja no er eg fæl asså!!) men det høres ikkje ut som ho skal fø eingong, det er meir som om at nåkken helde på å ta livet av ho!!...Kjenne sjølv at eg har problemer med smertene når eg flira og skulle eg vore i nærheten av den hylinga så ha eg nok svimt rett av. Men det er jo forskjellige plassa på kroppen som er problem, ser det er masse med beingreier her og då går det sikkert an å vrææææææle...Uff ho har heilt sikkert vondt asså og har hatt min sympati heile tida, men no kjenne eg at eg blir kvalm kvar gang ho begynne det liksom knyte seg i ryggmargen...Ditta var ikkje særlig snilt av meg men kjente det var godt å få ut ;) sorry asså!!
  
Akkurat ferdig med boka mi så blei det endelig tid for å kunne få sett enda betre på ryggen min dei skifta bandasje då det har lekt litt. Det ser egentlig fint ut men eg er hoven og varmt i eit stort område som dei vil ha legen til å sjekke i morra og ta CRP...har ingen feber så det er sikkert bra. Men klart den hevelsen som er no gjer at det er stramt og ømt, litt ubehagelig og jysla vondt. Så har eg aldri opplevd at ei romslig kosebukse kan bli trang på to daga!! Jaja det neste er vel svære strekkmerker på ryggen der det kan sjå ut som om eg har tatovert Niagra falls der bake...
Sjølv med dobbeltsyn og lese sider om att og om att så blei eg ferdig...
Jaja slik såg det ut før bandasjen blei fjerna... Ikkje akkurat vakkert, hevelsen er veldig stor men ikkje lett å få det på bildet...
Veit ikkje heilt om de vil like å sjå "rullepølsa"!?... 

Klart for å ta fram ei ny bok og stenge lydane ute med musikken min...Herremin gi den dama nåkke å bite i!! Huff kanskje skulle ho ha vore på ei anna avdeling!? Kva veit vel eg...
Kryssa alt eg kan for at eg er rusta for å kome meg bort på hotellet i morra :) der er berre flat seng så det er det som eventuelt stoppa meg litt...

Ha ein herlig søndagskveld rundt om ❤️
Klem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...