lørdag 5. januar 2019

Å hilse på tur er det nødvendig..!?

Å hilse på tur er det verkeleg nødvendig..!?
Er det for den firbeinte eller for oss sjølve vi gjer det?
Kvifor ikkje då heller møtast å trene og hilse på ein skikkeleg måte?
Det er ikkje vondt meint når eg ikkje vil at mine hundar ikkje skal hilse på andre når vi er på tur.
1. Hundane har ikkje vondt av å lære seg at det er vi som bestemme når dei skal få hilse, og då kan dei ikkje hilse på alle kvar gang.
2. Min hund kan vere sjuk å eg vil unngå å smitte din hund.
3. Min hund kan hende lika ikkje/redd andre hunda (av spesiel rase etc.) å kan dermed reagere med aggresjon som kan vere spesielt uheldig for ein valp.
4. Eg har valpekull heime som eg må beskytte for all slags smitte der valpane kjem først og er viktigare enn all hilsing ❤️
Spesielt vinterstid går det ein del sjukdom gjerne pga at dei store hundeantivitetane foregår innandørs å smitte sprer seg godt.
Det er ikkje alltid ein hund vise så store symptom fordi den er vaksinert, men den har smitta med seg å det er svært uheldig for små valpa å bli sjuk.
Lus tek også gjerne litt tid før ein oppdaga så ein kan lett smitte andre, å behandle valpa mot lus er verken lett eller hyggelig!
Det er faktisk nok med anna bakterieflora inn i valpekassa når dei er veldig små for at dei skal få dårlig mage...
Når eg har valpa og spesielt vinterstid så får ikkje mine hunda treffe andre hunda..!!! Kjipt men sånn er det med tanke på mitt arbeid og påkjenning på hundane og valpane om dei må gjennom behandling.

Er eg på ei utstilling når eg har valpa så er den/dei hundane i «karantene» frå resten av flokken i minimum 2 veker, og det kan eg ikkje gjer kvar gang dei får hilse på andre hundar når vi er på tur...

Så det er ikkje for å vere dritkjip at eg alltid sei nei til å hilse for det ligge ein grunn bak!!
Den siste tida då vi budde i Langevåg vart eg sett på som ho «sure» som aldri lot dei hilse...men der var det faktisk nokon som var med på å gjer meg strengare då eg opplevde våren 2015 at dei to valpane vi hadde vart tatt skikkelig tøft fleire ganga når folk berre slapp hundane bort til valpane...
Folk såg også rart på meg når eg sa at det ikkje var hilsing pga redsel for sjukdom som om at eg trudde hundane var spedalsk! Men det er mulig at dei bære på «bugs» som vi ikkje veit 🤪

Så om eg plutselig skulle klikke i vinkel på nokon så er det mest trulig for dei sleppe hunden bort til mine utan å spørre først, eller dei legge driten igjen langs vegen... 🤭
Så når du ser nokon snurpe in hunden/hundane så er det eit teikn på at vi ikkje vil hilse. 

Samtidig synes eg det er greit om vi faktisk har såpass respekt for kvarandrea at vi tek hundane inntil oss når vi passera kvarandre ✔️

Eg går ikkje rundt å kyssa på tilfeldige forbipasserande, å ikkje lukta eg dei i ræva  heller...å tenke faktisk at det har ikkje hundane mine behov for heller..!

Utrulig nok no er eg tilbake..!!
Men, tru meg eg har hatt mykje å skrive om og mykje som burde og ikkje burde vore delt, men eg har hatt ei lang pause. Men Instagram både privat og hund er der «alltid» aktivitet.

Håpa og trur eg skal dele litt meir i 2019, men kanskje litt meir nyttig enn unyttig, ja åsså litt feelgood veffal synes eg det...

Ønska de alle eit innhaldsrikt 2019..!!
Klem -Anja-

4 kommentarer:

Tur til Høgevatnet 713 moh...

Ein fantastisk tur frå Ytre Standal..! Etter ein innhaldsrik gårsdag var det terrengskifte i dag søndag 11. august :)  Sjølv med fare for...