torsdag 25. april 2013

TRIST!...også kanskje litt "tøft"

Det har vært ein masse opp- og nedturar siste åra, men må innrømme at det er mest ned!!...Eg har berre hatt ein fantastisk jobb som eg stortrivst med og som eg ikkje vil gi slipp på…………………men etter ein stor ryggoperasjon i Januar 2011 blei livet for meg og familien snudd på hovudet, teknisk gjekk operasjonen bra, men resultatet blei for meg «fatalt»!! Etter dette og enda ein stor operasjon i april 2012 har livet nesten vært eit helvete og einaste store «mareritt»…Som mange har sett på bloggen har vi sjølvsagt mange gode stunder og vi kosa oss – sjølv sei den næraste familie at ingen kan fatte at du er «sjuke» og så dårlig når du berre går rundt å flira og smila, så ting vil nok kanskje komme som eit «sjokk» for dei fleste!!...
Har eg «brukt meg sjølv» leika med barna, gått tur/trna med hundane, rydda hus, vert i butikken får eg gjerne ris ein dag eller to om ikkje ei heil veke, men det er snakk om prioriteringar og det at ein skal kunne leve med smertene og ikkje bure seg ned i senga, då må man «leve» og så ha det litt ….. forjævelig ei stund etter…


Vi har vegd så masse for og imot, når eg er innom butikken for å sette saman litt blomster, sjå på dei nye varene, snakke med folk eg har brukt butikken som «terapi» for å ikkje legge meg ned og ikkje minst når eg ligg heime å tek nye bestillingar går tankane gjennom meg………eg kan berre ikkje gi slipp på det!! Tenk om eg blir bra om eit år eller to!?? Under har jo tross alt skjedd før ;)
Men, tankar og lyst skal ikkje overgå barn og familien våra!!...Eg har eit ansvar å ta godt vare på barna mine og det er pri1 akkurat no!!...
Det kan nesten samanliknast med hundane våre – vi har eit ansvar om å la dei få slippe når tida er der og det er no det eg gjer…Gir slipp på min arbeidsplass, min draum, mine planar for butikken framover og ikkje minst «min terapi» dei siste to åra…eg har bitt tennene saman i håp om betring, men no går det berre ikkje lenger – så eg MÅ gi slipp!!...
Annonse i Sulaposten torsdag 25. april 2013...

Men, ver klar over ein ting varer kom inn i dag onsdag og vi har bestilt inn varer frå tre leverandørar berre i dag…Vi vil fortsette full drift heilt til vi eventuelt får solgt!! OM det tek nåkken månader eller to år så bli vi her ;) Eg har heldigvis flotte ansatte som hjelper meg og eg tek meg turar innom og ikkje minst lagar eg kransar, brudebukettar og andre ting på bestilling!!...
Eg som hadde så store planar om vidare utvikling og har planlagt innkjøpstur av «det nye» no i Mai, men vi legge dei planane på hylla og som sagt fortsette drifta som den er i dag med varierande utval flotte varer heilt til eit eventuelt sal...

Katja vil overhode ikkje at vi skal selje butikken/lokala for ho vil jobbe der! – det rive meg ekstra i hjertet når eg ser kor lei seg ho blir, ikkje minst det at ho er så flinke med blomster…Men, då eg sa til ho at kanskje blir eg ikkje så låke, ikkje så sliten for eg har vært på butikken, med det vil eg ha enda meir overskot og livsgnist til å vere ilag med dåkke all min iver og energi kan brukast i heimen, då kom det med ein gang «sell butikken mamma!». Om det blir så masse meir enn før vil tida vise, men med så store smerter etc. er det nesten umuleg å kunne drive ein slik butikk.

Eg har til tider vært på butikken om seine kvelden då det er betre å gå der å kjenne på herlige dufter, vakre blomster og herlig interiør enn å vere heime og kanskje bli sur/irritert på familien fordi eg er låke…
For ei tid det har vært med all «diskusjon» om å selje butikken!! Det rive meg i hjertet, men no når vi har bestemd oss og tenker framover er det «greitt»…eller!? Nope, men eg skal lære meg å leve med det, legge dei store planane for vidare utvikling som eg hadde bak meg og tenke på at det er nåkken fantastiske lokaler som nåkken kanskje kan ha stor glede av…
Kanskje vil vi få ein liknande butikk eller kanskje har nåkken andre gode planar, kanskje gjere litt om på konseptet, nåkken som driv i Langevåg frå før som vil ha større lokaler!?? Hmmmm…det kunna blitt masse, kanskje kjem Vinmonopolet til Langevåg og vil inn i eit slikt lokale??? Det ligg midt i sentrum med dagligvare, bank og apotek rett ved, betre lokale skal ein leite lenge etter………

Ei epoke går kanskje mot slutten – når eg får fordøydd det og «funne roa» med det kan eg sjå tilbake på ei flott tid med masse lærdom, utfordringar og bøttevis med inspirasjon…Alt i alt vil eg sei at eg har klart meg bra :)

Eg vil berre ta med ei helsing eg fikk om innlegget mitt på bloggen i går!!...
Klart du har lov å skrive at dokke kan!!!!!Janteloven bryr vi oss ikkje om.....du har lov å være stolt av det du har fått til og det har du fått til fordi du kan!!!!!
Toveklem :)

Du skal vite det betydde masse for meg Tove!! Det blei litt «ekstra godt» no når ståda er som den er...

Det er uvirkelig å skrive det og det er ikkje heilt lett, nesten redd tårene skal komme når folk no kanskje spør om det...men, slik er det og vi skal forhåpentligvis stake ut ein ny veg og kanskje starte ei ny epoke om ikkje lenge ♥♥♥
Frå meg til deg: Livet har så masse å by på ♥ husk å haust av det før det er for seint - No skal eg prøve å følge mitt eige råd!!...
Eg sette pris på at du har tatt deg tid å lese og ikkje minst «alle dei» som er her!!...

Klem -Anja-

2 kommentarer:

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...